Musikkgruppa Colosseum

Colosseum var eit banebrytande engelsk progressivt jazzrockband,[2] som blandablues, rock og jazzbaserte improvisasjonar.[3]

Colosseum

Colosseum i 2010
OpphavLondon, England
Aktiv1968–1971, 1994–2015, sidan 2020
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
MedlemmerDave «Clem» Clempson
Mark Clarke
Chris Farlowe
Adrian Askew
Kim Nishikawara
Malcolm Mortimore
Tidlegare medlemmerDave Greenslade
Dick Heckstall-Smith
Jon Hiseman
James Litherland
Tony Reeves
Jim Roche
Louis Cennamo
Barbara Thompson
Colosseum live på Steinegg Live Festival 2014.

Historie endre

1968–1971 endre

Colosseum var eit av dei førstebanda som blanda jazz, rock og blues og vart skipa våren 1968 av trommeslagaren Jon Hiseman med tenorsaksofonisten Dick Heckstall-Smith, som tidlegare hadde arbeidd i lag i 1966, då Hiseman erstatta Ginger Baker i The Graham Bond Organisation. Dei møttest igjen tidleg i 1968 då dei begge spelte i John Mayall's Bluesbreakers på albumet Bare Wires. Barndomsvenen Dave Greenslade vart raskt henta inn på orgel, og det same vart bassisten Tony Reeves, som òg hadde kjend både Hiseman og Greenslade sidan dei var tenåringsmusikarar i Søraust-London. Besetninga vart utfyllt, etter mange prøvespelingar, med Jim Roche på gitar og James Litherland (gitar & vokal), sjølv om Roche berre spelte inn eitt spor med dei før han slutta.

Bandet heldt den første konserten sin på The Scene Club i Scarboroughog vart så raskt spelt inn av den viktige BBC Radio 1-DJ-en John Peel for radioprogrammet hans Top Gear. Dette gav dei verdifull eksponering og god kritikk.

Det første albumet deira, Those Who Are About to Die Salute You, som opna med Bond-komposisjonen «Walkin' in the Park», kom ut på Philips-etiketten Fontana tidleg i 1969. I mars same året vart dei invitert med på Supershow, ein to dagar lang filma jam i lag med Modern Jazz Quartet, Led Zeppelin, Jack Bruce, Roland Kirk Quartet, Eric Clapton, Stephen Stills og Juicy Lucy.[4]

Det andre albumet til Colosseum kom seinare i 1969 og heitte Valentyne Suite,[5] og vart den første utgjevinga på den nylanserte etiketten til Philips, Vertigo, som vart oppretta for artistar som ikkje passa inn på hovudetiketten til Philips, og var det første selskapet til heavymetal-pionerane Black Sabbath.

For det tredje albumet, The Grass Is Greener, kom ut berre i USA i 1970, og Dave «Clem» Clempson erstatta James Litherland. Louis Cennamo erstatta så Tony Reeves på bass for ein kort periode, men vart sjølv erstatta av Mark Clarke før det var gått ein månad. Hiseman henta så inn vokalisten Chris Farlowe slik at Clempson kunne konsentrere seg om gitarspelinga. Denne besetninga hadde alt delvis spelt inn albumet Daughter of Time i 1970.

I mars 1971 spelte bandet inn fleire konsertar på Big Apple Club i Brighton og på Manchester University. Hiseman var imponert over atmosfæren på Manchester-konserten og bandet kom attende fem dagar seinare for ein gratiskonsert som òg vart spelt inn. Innspelingane kom ut som det doble konsertalbumet Colosseum Live i 1971. I oktober 1971 vart det opphavlege bandet oppløyst.

Mellomtida 1971-1994 endre

Etter bandet vart oppløyst, skipa Jon Hiseman gruppa Tempest med bassisten Mark Clarke. Dave Greenslade skipa Greenslade i lag med Tony Reeves. Chris Farlowe vart med i gruppa Atomic Rooster og Dick Heckstall-Smith satsa på ein solokarriere. Clem Clempson vart med i gruppa Humble Pie.

Hiseman skipa så gruppa Colosseum II i 1975, med eit sterkare fokus på jazzfusion-rock, og med den kjende gitaristen Gary Moore og Don Aireyklaverinstrument. Dei gav ut tre album før dei vart oppløyst i 1978.

Sameining 1994-2015 endre

23 år etter dei vart oppløyst, kom Colosseum saman att i 1994 med nøyaktig den same besetninga dei hadde hatt i 1971. 24. juni 1994 spelte dei på Freiburg Zelt Musik Festival, og så nokre månader seinare ein konsert i Köln den 28. oktober på E-Werk, som vart spelt inn for eit TV-program og så i 1995 gjeve ut på CD og video. Dette vart gjeve ut i 2004 på ein DVD. Bandet la så ut på ein lengre turné, hovudsakleg i Tyskland. Ein ny turné følgde i 1997 for å marknadsføre det nye studioalbumet deira, Bread and Circuses. Dei spelte òg på store festivalar i 1998-2000.

I 2003 gav dei ut albumet Tomorrow's Blues, og la igjen ut på turné, mellom anna i England i 2004. Kona til Hiseman, saksofonisten Barbara Thompson, spelte stundom med bande før Dick Heckstall-Smith døydde i desember 2004 og ho vart fast medlem av bandet.[6]

I 2005 var det tre minnekonsertar for Dick Heckstall-Smith, ein i Hamburg i Tyskland og to i England. 24. september 2005 spelte dei i Moskva, etterfølgd av fleire konsertar i 2006. I 2007 spelte dei for første gongen i Japan og drog attende til Tyskland for fleire konsertar der. Ein ny turné i Europa følgde i 2010.

Colosseum skal ha vore blant dei mange hundre artistane som fekk originalinnspelingane sine øydelagde i Universal-brannen i 2008..[7]

I oktober 2010 gav Jon Hiseman ut biografien Playing the Band - The Musical Life of Jon Hiseman.

Colosseum spelte 22 konsertar sommaren 2011 i Tyskland, Italia, Austerrike, Finland og Polen. Hiseman annonserte at dette kom til å bli dei siste konsertane til bandet. Dette kom av at Thompson hadde fått Parkinsons, som hindra ho i å spele. Men med ny medisinering kunne ho spele likevel, så bandet fortsette å spele i lag fram til 2015.

Fleire studioplater følgde,[8] som utvida utgåver av Valentyne Suite og Colosseum Live, og fleire samleplater av tidlegare innspelingar. Frå 2011 til 2014 spelte Colosseum inn det siste albumet sitt, Time on our Side, som kom ut seint i 2014, samstundes med ei rekkje konsertar i Tyskland og England. Den siste konserten var i Shepherd's Bush Empire i London den 28. februar 2015, og Hiseman annonserte igjen dette som den siste turneen deira..[9]

Jon Hiseman døydde i 2018. Colosseum kom saman att i 2020 for utvalde konsertar. Besetninga no var Chris Farlowe, Clem Clempson og Mark Clarke, som fekk med seg Kim Nishikawara (saksofon), Adrian Askew (klaverinstrument og orgel) og Malcolm Mortimore (trommer).[10]

Medlemmar endre

Noverande medlemmar

  • Dave «Clem» Clempson – gitar, vokal (1969–1971, 1994–2015, sidan 2020)
  • Mark Clarke – bass, vokal (1970–1971, 1994–2015, sidan 2020)
  • Chris Farlowe – vokal (1970–1971, 1994–2015, sidan 2020)
  • Kim Nishikawara – saksofon (sidan 2020)
  • Adrian Askew – orgel (sidan 2020)
  • Malcolm Mortimore – trommer (sidan 2020)

Tidlegare medlemmar

Turnémusikarar

  • Paul Williams – vokal (1999 - vikar for Chris Farlowe)

Tidslinje

Diskografi endre

Studioalbum endre

Singlar endre

  • «Walking in the Park» / «Those About to Die, Salute You» – (1969)
  • «Walking in the Park» / «The Road She Walked Before» – (1969)
  • «The Kettle» / «Plenty Hard Luck» – (1969)
  • «The Daughter of Time» / «Bring Out Your Dead» – (1971)

EP-ar endre

  • Bread & Circuses – (1997)
  • The Kettle – (2001)

Konsertalbum endre

  • Colosseum Live – (1971)
  • LiveS  The Reunion Concerts 1994 – (1995)
  • Live Cologne 1994 – (2003)
  • The Complete Reunion Concert – (2003)
  • Live05 – (2007)
  • Theme for a Reunion – (2009)
  • Live At The Boston Tea Party, August 1969 – (2020)
  • Live At The Montreux Jazz Festival 1969 – (2020)
  • Live At Ruisrock, Turku, Finland, 1970 – (2020)
  • Live At Piper Club, Rome, Italy 1971 – (2020)
  • Live '71, Canterbury, Brighton & Manchester – (2020)

Samlealbum endre

  • The Collectors Colosseum – (1971)
  • Epitaph – (1986)
  • Milestones – (1989)
  • Night Riding – (1990)
  • Daughter of Time – (1991)
  • The Time Machine – (1991)
  • The Ides of March – (1995)
  • Anthology – (2000)
  • Best - Walking in the Park – (2000)
  • The Best Of – (2002)
  • An Introduction To...Colosseum – (2004)
  • Morituri Te Salutant – (2009) (4-CD-boks)

DVD endre

  • Colosseum LiveS : The Complete Reunion Concert Cologne 1994 – (2002)

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • Hanson, Martyn: Playing The Band - The Musical Life of Jon Hiseman, 2010, London, Temple Music Books, ISBN 978-0-9566863-0-5

Kjelder endre

  1. Deming, Mark. «Colosseum». Allmusic. Henta 20. november 2015. 
  2. Larkin C 'Virgin Encyclopedia of Sixties Music' (Muze UK Ltd, 1997) ISBN 0-7535-0149-X s. 69.
  3. «COLOSSEUM discography (top albums), MP3, videos and reviews». Progarchives.com. Henta 2. januar 2021. 
  4. «25. mars 1969». Led Zeppelin Timeline. Henta 2. januar 2021. 
  5. Ben Miler, Colosseum: Valentyne Suite (1969), Hippy.com, 14. oktober 2002.
  6. «Interview:Jon Hiseman (Colosseum,Tempest,Graham Bond,Jack Bruce)». Hit-channel.com. Henta 2. januar 2021. 
  7. Rosen, Jody (25 June 2019). «Here Are Hundreds More Artists Whose Tapes Were Destroyed in the UMG Fire». The New York Times. Henta 2. januar 2021. 
  8. «Colosseum2011update». Personal.inet.fi. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 2. januar 2021. 
  9. Hiseman, Jon. «Jon Hiseman’s Message to Fans on Facebook». Temple0music.com. Henta 7. mars 2015. 
  10. Gracey, Ana. «BREAKING NEWS...».