Louis Cennamo
Louis David Cennamo (fødd 5. mars 1946) er ein engelsk bassgitarist som har hatt ein lang karriere der han spelt for ei rekkje viktige, britiske rock-, blues- og progressive rockeband.[1]
Louis David Cennamo | |||
Fødd | 5. mars 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London i England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1962 | ||
Sjanger | Rock, blues, bluesrock, rock and roll, psykedelisk rock, hardrock, progressiv rock | ||
Instrument | Bass, kontrabass, gitar | ||
Tilknytte artistar | Rod Stewart, Jimmy Powell, The Herd, Peter Frampton, James Taylor, Renaissance, musikkgruppa Colosseum, Steamhammer, Armageddon, Illusion | ||
Plateselskap | Pye Records, Parlophone Records, Elektra Records, Island Records, A&M Records | ||
Verka som | gitarist |
Karriere
endre16 år gammal var Cennamo med å skipe blues/rockebandet Jimmy Powell and the Five Dimensions i 1964.[2] Cennamo forle bandet seint i 1965 for å bli bassist i The Herd.[3] Han spelte berre inn ein singel med dei, «So Much In Love» (med «This Boy's Always Been True»), før han slutta og skipa Patto's People i lag med Tim Hinkley, Viv Prince og Mike Patto, som spelte inn og gav ut ein enkelt singel, «Shimmy Shimmy Ko Ko Bop» / «Jump Back», seint i 1966.[4]
Seint i 1960-åra var Cennamo studiomusikar, og spelte mellom anna på debutplata til James Taylor i 1968 og Al Stewart sitt Zero She Flies.[5]
I 1969 var Cennamo med å skipe progrockbandet Renaissance.[6] Cennamo hadde ei viktig rolle med å arrangere dei klassisk-inspirerte songane deira.[7] Han var med på to album med bandet, men eit hardt turneringsliv gjorde at han gav seg våren 1970.[8] Cennamo byrja så å spele med det britiske jazzrockbandet Colosseum, og spelte på albumet Daughter of Time (1970).[9]
Cennamo vart så rekruttert av det progressive/blues/rockebandet Steamhammer (1970–72). Bandet turnerte mykje i Europa og spelte inn det eksperimentelle Speech i 1971.[10]
Etter Steamhammer gav seg i 1973, skipa Cenammo Armageddon (1974–75) med den amerikanske trommeslagaren Bobby Caldwell, Steamhammer-gitaristen Martin Pugh og «Speech»-produsenten (og tidlegare Renaissance-kollegaen) Keith Relf. Bandet var basert i California, men spelte inn debutalbumet, Armageddon på Olympic Studios i London.[11] Det vart gjeve ut på A&M Records seint på våren 1975.[12] Då Relf døydde av elektrisk støyt i mai 1976 var det slutten for bandet.[13]
Attende i England skipa Cennamo så Illusion med andre tidlegare medlemmar i Renaissance, og var med bandet for to album (1977–1979).[14]
Etter 1980
endreCennamo byrja å bruke mindre tid på musikk etter 1979 og meir tid på si «andelege utvikling» (men gav ut ein avgrensa solokassett kalla Diamond Harbor i 1982).[15]
Frå 1986 til 1995 var Cennamo involvert i eit deltids musikkprosjekt kalla Stairway (der Cennamo spelte gitar), med kollagaen frå Renaissance og Illusion, Jim McCarty. Det var eit hovudsakleg insturmentalprosjekt,[16] og dei gav ut i alt fire plater.[17]
I 2001 gav fire medlemmar frå det originale Renaissance og Illusion ut albumet Through the Fire under namnet Renaissance Illusion.[18]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Louis Cennamo» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ https://www.discogs.com/artist/445542-Louis-Cennamo | Louis Cennamo on Discogs
- ↑ https://www.discogs.com/artist/1282281-Jimmy-Powell-And-The-5-Dimensions | Jimmy Powell And The 5 Dimensions
- ↑ Carol Hynson. «The Official Mick Underwood website - biography of the UK rock drummer». Mickunderwood.com. Arkivert frå originalen 1. oktober 2018. Henta 21. mars 2020.
- ↑ http://www.oocities.org/sunsetstrip/diner/2674/lcenn_bio.htm.tmp
- ↑ http://www.artistdirect.com/artist/credits/louis-cennamo/413338
- ↑ http://www.richieunterberger.com/renaissance.html | formation of Renaissance
- ↑ http://strawberrybricks.com/guide/releases/renaissance
- ↑ http://www.backgroundmagazine.nl/CDreviews/RenaissanceIdemIllusion.html
- ↑ http://www.allmusic.com/album/daughter-of-time-mw0000614532
- ↑ http://www.allmusic.com/album/speech-mw0000468056
- ↑ http://www.alexgitlin.com/npp/armauk.htm
- ↑ http://www.elevenwarriors.com/forum/anything-else/2016/05/71063/armageddon-a-lost-classic-released-may-1975-timh
- ↑ http://ultimateclassicrock.com/yardbirds-keith-relf-death/
- ↑ http://www.allmusic.com/artist/illusion-mn0000072592
- ↑ http://www.expose.org/index.php/articles/display/from-renaissance-to-illusion-a-profile-of-the-relf-mccarty-renaissance.html
- ↑ http://www.cdbaby.com/cd/mccartycennamo
- ↑ https://www.discogs.com/artist/1498380-Stairway-2
- ↑ https://www.amazon.com/Through-Fire-Renaissance-Illusion/dp/B000063T2R