Musikkgruppa Fabel
Fabel er ei norsk musikkgruppe som spelar poprock. Gruppa er frå Sogn og Fjordane og har desse medlemmane: Odd-Erik Lothe på song og gitar. Roger Allan Ivin på bass og koring. Laila Beathe Førde på saksofon, fløyte og song. Fred Noralf Os Stave på gitar. Knut Lothe på trommer, perkusjon og koring.
MusikaraneEndra
Odd-Erik LotheEndra
Odd-Erik Lothe er frå Kjølsdalen i Nordfjord og er den som har skrive det meste av tekstane og musikken til Fabel. Han er utdanna lærar og busett i Bergen. Utanom Fabel er Odd-Erik med i Finn-Erix og Green Granadas.
Laila Beathe FørdeEndra
Laila Beathe Førde er fødd og oppvaksen i Bremanger. Ho har musikkutdanning frå Firda vidaregåande skule, Viken folkehøgskule og Musikkonservatoriet i Kristiansand. Laila Beathe bur for tida i Bergen og gjev konsertar under artistnavmnet Laila-B.
DiskografiEndra
- Jordbær og grasbrann 1995
- Juni 1997
- Dagane 1996
- Jordbær & grasbrann 1996
- For halv maskin 1997
- Det e musikk 1999
- Smil 2002