Musikkgruppa Gåte

Gåte var ei musikkgruppe frå Sør-Trøndelag som spelte ei blanding av norsk folkemusikk og rock.

Gåte

Gåte under Over Oslo 2018
Foto: Tore Sætre
.
OpphavSør-Trøndelag i Noreg
Aktiv1999-2005
SjangerFolkrock
PlateselskapWarner Music Norway
MedlemmerGunnhild Sundli
Sveinung Sundli
Magnus Børmark
Gjermund Landrø
Kenneth Kapstad
Tidlegare medlemmerMartin Langlie
PrisarSpellemannprisen for årets nykommer, Prøysenprisen

Oppstart Endra

Medlemene i gruppa var vokalist Gunnhild Sundli, bror hennar, Sveinung Sundli, på fele og tangentinstrument, Magnus Børmarkgitar, Gjermund Landrøbass og Martin Langlietrommer. Seinare overtok Kenneth Kapstad etter Langlie. Gåte har jobba saman med den kjende felespelaren Knut Buen, og nokre av tekstane deira er skrivne av lyrikaren Astrid Krog Halse.

Debutalbumet Jygri selde over 40 000 eksemplar. I 2002 vann dei Spelemannsprisen for beste nykomar for denne plata. Dei mest kjende songane Gåte spela er «Bendik og Årolilja», «Grusomme skjebne», «Kara tu omna» og «Knut liten og Sylvelin». Gruppa fekk Prøysenprisen i 2003.

Oppløysing og comeback Endra

Gruppa vart vedteken oppløyst i september 2005. I byrjinga vart oppløysinga av mange omtala som ein pause, men medlemer i gruppa understrekte seinare at det var snakk om eit brot[1]. På tampen av 2005 heldt Gåte fire avskjedskonsertar; to konsertar på Blæst i Trondheim, éin konsert på Rockefeller i Oslo og den siste konserten i Setesdal på nyårsaftan.

I 2010 gjorde gruppa eit mindre comeback. Etter ein underskriftaksjon på Facebook, sa medlemene seg viljuge til å ha konsert i Trondheim den 24. oktober 2009. Etter dette fekk gruppa lyst til å reisa på sommarturné i 2010, og det resulterte i fire konsertar denne sommaren: éin på Vinjerock, éin på Raumarock, éin på Storåsfestivalen og til slutt éin på taket til Operahuset i Oslo.

Utgjevingar Endra

Tilvisingar Endra

  1. Sveinung Sundli i avisa Sør-Trøndelag, 3. januar 2006

Bakgrunnsstoff Endra