Muttler er eit 3 294 meter høgt fjell, det høgste i Samnaunfjella. Fjelltoppen ligg i kommunen Samnaun i kantonen Graubünden i Sveits.

Muttler
fjell
Muttler (venstre) og Stammerspitze (høgre)
Land  Sveits
Fjellkjede Samnaunfjella
Høgd 3 294 moh.
Primærfaktor 701 m ↓  mot Piz Linard
Koordinatar 46°54′02.3″N 10°22′43.4″E / 46.900639°N 10.378722°E / 46.900639; 10.378722
Lettast tilkomst Sti til toppen
Førstestiging Johann Jakob Weilenmann
 - dato 1858
Kart
Muttler
46°54′02″N 10°22′43″E / 46.900561°N 10.378564°E / 46.900561; 10.378564
Wikimedia Commons: Muttler

Nord- og vestsidene av Muttler består av samanhengande steinurder. Nordaustsida er bratt og stuper fleire hundre meter ned i dalen Val Sampuoir. Fjellet er nesten fritt for isfelt, einast ein liten isbre på vestsida av toppen.

Ein topptur til Muttler er ganske grei å gjennomføre. Både frå Samnaun og frå Engadin finst det merka klatrestiar.

Frå Muttler ser ein både fjella kring Zugspitze, over til Ötztalfjella (Wildspitze, Weißseespitze, Weißkugel), Ortlerfjella, Berninafjella, Silvretta og området kring Säntis. I klarver kan ein også få auge på Bodensjøen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre