Myken fyrstasjon
Myken fyrstasjon ligg på øygruppa Myken i Rødøy kommune i Nordland. Fyret ligg på Jutøya, og vart oppretta i november 1918. Det vart elektrifisert i 1955. Fyret har ikkje fyrtårn, men ei fyrlykt på toppen av fyrbygningen. Myken fyr er i drift, men vart automatisert og avfolka alt i 1974. I dag er fyrbygningen i bruk som overnattingsstad.
Seglbåten Josephine legg til ved Myken fyr | |||
Fylke | Nordland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Rødøy | ||
Funksjon | Ledfyr | ||
Oppretta | 1918 | ||
Koordinatar | 66°45′53″N 12°28′44″E / 66.76472°N 12.47889°E | ||
Fyrtårn | |||
Form | firkanta | ||
Status | |||
Automatisert | 1974 | ||
Avfolka | 1974 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminner | ||
Myken fyrstasjon 66°45′52″N 12°28′37″E / 66.76444444°N 12.47694444°E | |||
Ei fyrlykt vart sett opp på Jutøya alt i 1892.
Kjelder
endreDenne artikkelen byggjer på «Myken fyr» henta frå Wikipedia på bokmål 14. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgav desse kjeldne:
- Erling Svanberg: Langs vei og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5
- Om Myken fyr på nettstaden til Norsk Fyrhistorisk Forening
- Tysk side om Myken og fyret
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstaden Mykenfyr.no Arkivert 2018-09-02 ved Wayback Machine.
- Myken fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren