Myken er ei øygruppe og eit fiskevær i Rødøy kommune i Nordland. Øygruppa ligg ytst på kysten, om lag 32 km frå næraste fastland, og har per juni 2010 kring 20 fastbuande.[1] Myken femner om lag 40 små øyar, holmar og skjer. Dei største øyane er Sjurøya, Sandøya, Jutøya, Finnøya og Grytøya. Fiskeværet ligg på Sjurøya, medan Myken fyrstasjon (oppretta i 1918) ligg på Jutøya.

Myken
stad
Myken fyr.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rødøy
Postnummer 8181 MYKEN
Preposisjon På (om øygruppa) Myken

Myken
66°45′0″ N 12°28′0″ E

Myken skole hadde fire elevar skuleåret 2009/2010, men kan verte nedlagt.[2]

Myken har snøggbåtsamband til Tonnes i Lurøy og Vågaholmen.

I samarbeid med Riksantikvaren har stiftinga Gamle Myken sett i gang restaurering av nokre av bygningane på Myken.

Namnet MykenEndra

Namnet Myken kjem truleg av gamalnorsk mykr - møkk, og kan ha med fugleskit å gjere.[3]

KjelderEndra

  1. NRK Nordland: «Et nytt liv på Myken» 25. juni 2010
  2. NRK Nordland: «Siste skoledag på Myken» 19. juni 2010
  3. Red: Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo 1997 ISBN 82-521-4905-7

BakgrunnsstoffEndra