Mytilíni
Mytilíni Lokalt namn Μυτιλήνη | |
---|---|
Mytilíni | |
Geografi | |
Stad | Dei nordegeiske øyane |
Koordinatar | 39°06′N 26°26′E / 39.100°N 26.433°E |
Areal | 564,7 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Dei nordlege egeiske øyane Lésvos |
Hovudsete | Mytilíni (31 714 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 59 034 (2021[1]) |
Folketettleik | 104,5 /km² |
Mytilíni (gresk Μυτιλήνη, tyrkisk Midilli), òg kalla Mytilene, er ein by og ein kommune aust på øya Lésvos. Han er hovudbyen på øya og hovudsete i kommunen Mytilíni, i periferieininga Lésvos og i periferien Dei nordlege egeiske øyane i Hellas.[2]
Mytilíni har ei vakker hamn med ferjesamband til dei nærliggande øyane Límnos og Khíos og til Avyalik i Tyrkia. Hamna har òg båtsamband til Pireus, Aten og Thessaloníki.
Administrativ inndeling
endreMytilíni hadde vore eigen kommune fram til 2011, men vart då ei kommunaleining i kommunen Lésvos.[2] Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og dei opphavlege kommunane Ajásos, Everjétoulas, Jéra, Loutrópoli Thermís, Mytilíni og Plomári vart kommunaleiningar i den nye kommunen Mytilíni.[3]
Ved folketeljinga i 2021 var det 59 034 innbyggjarar i det som no er kommunen Mytilíni. Kommunaleininga Mytilíni hadde 41 379 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 31 714 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[4] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Mytilíni | Mytilíni | 27 871 | 31 714 |
Plomári | Plomári | 2 996 | 2 756 |
Ajásos | Ajásos | 2 320 | 1 934 |
Pappádos | Jéra | 1 442 | 1 386 |
Skópelos | Jéra | 1 530 | 1 383 |
Pámfila | Mytilíni | 1 413 | 1 188 |
Variá | Mytilíni | 1 133 | 1 100 |
Taxiárkhes | Mytilíni | 1 107 | 1 087 |
Loutrá | Mytilíni | 1 085 | 1 025 |
Panajoúda | Mytilíni | 906 | 982 |
Mória | Mytilíni | 1 164 | 938 |
Paleókipos | Jéra | 976 | 826 |
Loutrópoli Thermís | Loutrópoli Thermís | 900 | 823 |
Íppio | Everjétoulas | 818 | 708 |
Pérama | Jéra | 726 | 702 |
Mesargós | Jéra | 631 | 571 |
Káto Trítos | Everjétoulas | 518 | 507 |
Plajá | Plomári | 529 | 473 |
Ajía Marína | Mytilíni | 522 | 467 |
Småøyar i kommunen:
- Ájos Vasílios (0)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mytilene» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2007.
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Νόμος 4600/2019 - ΦΕΚ 43/Α/9-3-2019
Lov 4600/2019: Endringar i Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 1. august 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert