Límnos (gresk Λήμνος), òg kalla Lemnos, er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet.

Límnos
Lokalt namn Λήμνος
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 39°55′N 25°15′EKoordinatar: 39°55′N 25°15′E
Øygruppe Dei nordegeiske øyane

Areal 476 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Límnos
Største busetnad Mýrina (5 711 innb.)

Demografi
Folketal 16 992 (2011[1])
Folketettleik 35,6 /km²

Tidlegare hadde øya fire kommunar og var ein del av Lésvos prefektur, men frå 2011 er Límnos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Límnos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]

Store delar av øya er dekte av fjell, men ein finn òg frodige dalar innimellom. Dei største byane er Mýrina på vestkysten og Moúdros på austkysten i ei stor bukt midt på øya. Mýrina (òg kalla Kástro) har ei flott hamn og er handelssentrumet på øya. I åssidene finn ein innimellom beitemark for sau. Det veks eit fåtal morbærtre og frukttre, men ikkje oliven. Muskatdruer veks det derimot mykje av, som ein nyttar til å lage ein uvanleg bordvin som er tørr med kraftig smak av muskatell.

Administrativ inndeling endre

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Límnos i mytologien endre

For dei antikke grekarane høyrte øya til Hefaestos, guden for teknologi, som fall på Límnos då far hans, Zevs, kasta han hovudstups bort frå Olympos (Ólymbos). Her tok sintiarane seg av han og den thrakiske nymfen Kabiro (ei av døtrene til Proteus) gav han fleire born som danna grunnlaget for stamma Kaberoi

Namnet Limons skal ha vore eit av namna som thrakarane gav Kybele, og dei første innbyggjarane her skal ha vore ei thrakisk stamme, som grekarane kalla sinitianarar, eller «røvarane».

Apollodoros (Epitome I:9) skriv at då Dionysos fann Ariadne forlaten på Náxos, førte han ho til Límnos der ho gav han borna Thoas, Stafylos, Oenopion og Peparethos. Plinius den eldre snakkar om ein oppsiktsvekkande labyrint på Límnos i si Naturhistorie, som ikkje er funne i moderne tider.

I følgje eit kjent segn skal kvinnene ha vorte forlatne av mennene sine for thrakiske kvinner, og som hemn skal dei ha myrda alle mennene på øya. Ut av dette oppstod uttrykket «lemnisk handling» blant grekarane. Argonautane kom i land på øya kort tid etter og fann berre kvinner her, styrt av Hypsipyle, dotter av den gamle kongen Thoas. Frå argonautane og kvinnene på Límnos oppstod ei stamme kalla Minyae, som kong Efneos, son av Jason og Hypsipyle. Dei sende vin og proviant til akhaeanarane ved Troja. Minyae vart driven bort av pelasgianarar frå Attika (Attikí).

I ei anna segn vart Filoktetes forlaten på Límnos av grekarar på veg til Troja. Her leid han i ti år på grunn av ein såra fot fram til Odyssevs og Neoptolemos overtalte han til å bli med dei til Troja. I følgje Sofokles budde han ved fjellet Hermaeus, der Aeskhylos sette fyr på ein varde for å gje heimstaden Argos melding om Trojas fall.

Historie endre

Homer skriv som om det var ein by på øya kalla Límnos, men på denne tida var det ikkje det. Det var to byar, Myrina (òg kalla Kastro) og Hefaestia, som var hovudbyen. Myntar frå Hefaestia er funne i store mengder og med forskjellige motiv som gudinna Athena med ugla si, innfødde religiøse symbol, hovudet til Dioskori, Apollon med fleire. Ein kjenner òg til eit par myntar frå Myrina. Dei høyrer til perioden då folk frå Attikí okkuperte øya og er av atensk type.

Seinare i antikken vart Límnos erobra av Otanes, ein general under Darios Hystaspis. Men i 510 fvt. vart ho gjenerobra av Miltiades den yngre, tyrannen frå thrakisk Khersonese. Miltiades reiste seinare tilbake til Aten og Límnos kom inn under Aten fram til Makedonia erobra øya.

I 197 fvt. erklærte romarane Límnos for ein fristat, men i 166 fvt. vart ho gjeve til Aten som på papiret styrte over øya fram til heile Hellas vart ein provins i Romarriket i 146 fvt.. Etter oppdelinga av riket vart Límnos ein del av Austromarriket.

Som dei andre austlege provinsane skifta øya eigarar mellom grekarar, italienarar og tyrkarar. I 1476 klarte venetianarane og dei greske austromarane å forsvare Kotskhinos mot ei tyrkisk omleiring, men i 1657 vart Kastro erobra av tyrkarane etter ei omleiring på 36 dagar. I 1770 vart Kastro omleira av Grev Orlov. Under den russisk-tyrkiske krigen i 1806-1812 vann Admiral Senjavin eit sjøslag ved Límnos. I 1912 vart Límnos ein del av Hellas under den første balkankrigen. Under same krig fann sjøslaget ved Límnos stad her 18. januar 1913, der den osmanske hæren prøvde å hindre grekarane i å ta dei egeiske øyane.

Under den første verdskrigen nytta dei allierte i 1915 øya som utgangspunkt for å erobra Dardanellane, som ligg om lag 50 km unna.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Mýrina Mýrina 5 711
Moúdros Moúdros 974
Atsikí Atsikí 848
Ájos Dimítrios Atsikí 812
Kondopoúli Moúdros 623
Platý Mýrina 603
Kondiás Néa Koútali 572
Káspakas Mýrina 525

Andre busetnader på øya er:

  • Thános (448)
  • Néa Koútali (442)
  • Panajía (381)
  • Portianó (314)
  • Pláka (310)
  • Romanó (302)
  • Repanídi (260)
  • Tsimándria (259)
  • Kornós (242)
  • Livadokhóri (237)
  • Kamínia (234)
  • Sardés (215)
  • Anemóessa (210)
  • Kalliópi (207)




Småøyar i kommunen:

  • Serjítsi (0)
  • Koukounísio (0)
  • Alogonísio (0)
  • Kastriá (0)
  • Kómbo (0)

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre