Marianne Sivertsen Næss

norsk politikar

Marianne Sivertsen Næss (fødd 28. mars 1974) er ein norsk lærar, byråkrat og politikar frå Hammerfest. Ho har vore fiskeriminister sidan 19. april 2024.[1] I 2021 var ho valt inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark fylke.[2]

Marianne Sivertsen Næss

Fødd28. mars 1974 (51 år)
Hammerfest kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Hammerfest (2019–2021)
  • varaordførar (2011–2019)
  • stortingsrepresentant (2021–)
  • Noregs fiskeri og havminister (2024–) Sjå dette på Wikidata

Næss har vore avdelingsleiar ved Finnmarkssykehuset i Hammerfest og rektor ved den vidaregåande skulen i Hammerfest. Ho var ordførar i Hammerfest kommune frå 2019 til 2021. Ved stortingsvalet 2021 var ho partiet sin andrekandidat i Finnmark, innvald til Stortinget med god margin. På Tinget vart ho medlem i Energi- og miljøkomiteen. Etter komiteleiaren, Terje Aasland, vart utnemnd til statsråd i Støre-regjeringa, vart Næss vald til leiar av komiteen den 24. mars 2022.[2]

Kjelder

endre
  1. «Endringar i regjeringa». Statsministerens kontor. Henta 19. april 2024. 
  2. 2,0 2,1 «Marianne Sivertsen Næss». Stortinget.no. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Marianne Sivertsen Næss