Næringsbygg er ein bygning som blir brukt til ulike typar næringsverksemd, til forskjell frå privat bruk som bustad eller fritidsbustad. Slike bygg kan nyttast både av offentlege og private verksemder, og kan omfatta produksjonsbygg, lagerbygg, kontorbygg, forretningsbygg, serveringsstader, overnattingsstader, helsebygg, utdanningsbygg og liknande.

Marknadshallen Mercado Municipal i São Paulo er eit næringsbygg.

Ein del bygg kan brukast både som næringsbygg og bustad. I så fall er det vanleg å rekna det som næringsbygg om næringsverksemda føregår i over halvparten av bygningsarealet.

Sjå òg Endra

Bakgrunnsstoff Endra

Kjelder Endra

  Denne arkitekturartikkelen som har med økonomi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.