Opna hovudmenyen

Nøtterøy kyrkje

kyrkje i Færder kommune

Koordinatar: 59°13′47.8″N 10°24′24.7″E

Nøtterøy kyrkje
Nøtterøy kirke
Nøtterø kirke.JPG
Foto: 91
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Tønsberg domprosti
Sokn Nøtterøy[1]
Fellesråd Færder
Stad Nøtterøy
Type Krossforma basilika[2]
Periode Romansk stil
Teknikk Mur
Material Gråstein og tegl, kvitkalka
Innvigd Omkring 1100
 - Vigd til Maria møy
 - Endringar 1839 og 1883
Tårn Ved inngangen
Kyrkjegard Det er kyrkjegard attmed kyrkja
Preikestol Frå 1883
Døypefont Foten ca. 1150 frå Gotland, sandstein, overdel 1920 av arkitekt Carl Berner i kleberstein
Altartavle Jesus på krossen, rokokko av Jakob Lindegaard, ca. 1770
Sitjeplassar 500[1]
Diverse Kyrkjeskip av ein korvett
Wikimedia Commons: Nøtterøy kirke

Nøtterøy kyrkje ligg på Nøtterøy i Færder kommune, Vestfold. Ho er soknekyrkje i Nøtterøy sokn. Vestskipet og tårnfoten utgjer det opphavlege kyrkjebygget. Kyrkja blei opphavleg bygd omkring 1100 i gråstein i romansk stil. Ho er utvida mot aust som korskole i to tilbyggingsetappar som gjekk føre seg i 1839 og 1883. Kyrkja har om lag 500 sitteplassar og to galleri.

Kyrkja var opphavleg innvigd til Maria møy, med festdag 16. august. Dette framgår både av jordeboka til biskop Eystein (1398) og eit brev frå Pave Johannes XXII, sendt frå Avignon i Sør-Frankrike i 1323. I dette brevet, som er den eldste etterretninga om kyrkja, blir ho omtala slik på latin: «ecclesia de Niotaroy...beatissime virgins Maria constructa». På norsk blir dette Nøtterøy kyrkje...bygd til ære for den sæle jomfru Maria.

Kyrkja utgjer midtpunktet i eit vakkert kyrkje- og gravlundsanlegg. Like ved ligg det eit lite parkanlegg med eit krigsminnesmerke, utført av bilethoggaren Carl E. Paulsen, oppført til ære for norske krigsveteranar. Eit relieff ved minnetavla i våpenhuset i kyrkja, over falne frå andre verdskrigen, er laga av same kunstnaren.

Det finst steinrelieff på enkeltsteinar i kyrkjemuren. Desse kjem kanskje frå den opphavlege kyrkja og kan i så fall daterast til siste halvdel av 1100-talet.

Kyrkjeskipet er ein modell av ein korvett. Det var ei gåve frå Johannes Pedersen Bruu og blei hengt opp i 1817.

Midt i kyrkja heng det ei stor prismelysekrone, som blei skjenka som gåve av Nøtterøys mange skipsreiarar i 1868.

Altertavla blei måla av Jakob Lindegaard rundt 1770. Biletet viser Jesus på krossen, omkransa av jomfru Maria og Maria Magdalena knelande ved krossfoten og Johannes som står til høgre for krossen. På vengjene til altertavla kan ein sjå to figurar. Den eine symboliserer vona (ankeret) og den andre trua (krossen). I toppstykket er det hebraiske gudsnamnet Jahwe måla i gull.

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 «Nøtterøy kirke». Kyrkjesøk. Henta 26. januar 2018. 
  2. Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, Vanebo forlag 1993, side 563, ISBN 82-75-27022-7

BakgrunnsstoffEndra