NGC 4414
NGC 4414 er ein spiralgalakse som ligg rundt 62 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Berenike sitt hår.
NGC 4414 | |
![]() Hubble-portrettet av NGC 4414 frå 1999. | |
Observasjonsdata (epoke J2000) | |
---|---|
Stjernebilete | Berenike sitt hår |
Rektasensjon | 12t 26m 27,06s[1] |
Deklinasjon | +31° 13′ 20,9″[1] |
Avstand | 62 millionar lysår |
Type | spiralgalakse (Sc) |
Andre namn | |
UGC 7539[1] | |
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar |
I 1995 vart galaksen fotografert av romteleskopet Hubble i samband med utrekningar av kor fort universet utvidar seg. Ved å observera kefeidar kunne astronomar rekna ut avstanden til denne og andre galaksar.
I 1999 tok Hubble Heritage Project nye bilete av galaksen for å få eit fullstendig portrett av han.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-1999-25 frå Space Telescope Science Institute.