NGC 454 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 164 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Føniks. Paret er samansett av ein raud elliptisk galakse og ein irregulær og gassrik blå galakse. Båe galaksane er sterkt misforma grunna den gravitasjonelle påverknaden dei har på kvarandre.

Hubble-bilete av NGC 454. Klumpane av blå og unge stjerner til høgre i biletet høyrer sannsynlegvis til den irregulære galaksen.

Kjelder endre