NK 606-607

frimerkeserie

NK 606-607 er frimerka som vart utgjevne 21. mai 1968 for å minnest hundreogfemtiårsdagen for fødselen til diktaren Aasmund Olavson Vinje . Frimerka har den nynorske namneforma Noreg. Desse frimerka er einsfarga og viser eit portrett av diktaren. Frimerka er utforma av Knut Løkke-Sørensen.

  • NK606 50 øre gråbrun (opplag: 3 550 000)
  • NK607 65 øre brunraud (opplag: 5 465 000)

Det gråbrune frimerket hadde ein verdi høveleg for postkort innanfor Norden, medan det raude frimerket hadde ein verdi høvde for vanleg brevpost innanfor Norden.

Kjelde endre