NRK Urørt er eit musikkprosjekt frå NRK som lèt usignerte norske musikkartistar dela musikken sin med resten av Noreg via Internett, TV og radio. Prosjektet er fyrst og fremst ein nettstad der kven som helst har høve til å lasta opp eigenprodusert musikk og presentasjonar så andre kan lytta, lasta ned og gje kommentarar til musikken. Det er også mogleg å lasta opp musikkvideoar på sidene. Nettsidene vart lansert i november 2000 og passerte 10 000 band i 2006 [1].

Urørt har sendetid fleire dagar i veka på NRK P3 der noko av musikken blir presentert. I tillegg har Urørt ein eigen kanal på nettradio. Ein periode hadde prosjektet også eit TV-magasin for musikkvideoar på NRK2 som gjekk ein gong i veka. Urørt gir kvart år ut ein CD med namnet Rørt og Urørt der dei fleste av Årets Urørt-finalistane som regel er med.

I 2005 starta Urørt eit samarbeid med Zoom, ein konkurranse for ukjende og usignerte band og en påfylgjande turné. Zoom endra samtidig namn til Zoom Urørt. Prosjektet samarbeider også med Norwegian Wood og er med å plukka ut band som skal opptre på Urørt Underwood-scena under festivalen.

Ukas Urørt endre

Kvar veke plukkar redaksjonen ein artist som vert kåra til Ukas Urørt. Av desse vert ti artistar plukka ut av urørtredaksonen og musikkjournalistar frå P3, som finalistar til kåringa av Årets Urørt. I tidlegare utgåver av Urørtfinalen bestod finalistane av dei 12 vinnarane av månedens Urørt. Sjølve finalen vart tidlegare arrangert i samband med by:Larm. Ordninga med månedens Urørt er no utgått.

Årets Urørt endre

Vinnaren av Årets Urørt-kåringa vert utnemnd av publikum og ein fagjury under eit finaleshow og mottek ein sjekk på 25 000 kroner. I tillegg får vinnaren spelejobb på by:Larm og Norwegian Wood (2008).

Vinnarar endre

Øvrige finalistar (utval) endre


Kjelder endre

  • Artikkelen er basert på Bokmålswikipedia om NRK Urørt, henta inn 4. februar 2011.
  • Artikkelen er oppdatert frå Bokmålswikipedia om NRK Urørt den 30. januar 2012.

Bakgrunnsstoff endre

Referanser endre

  1. "Ti tusen Urørte!", artikkel fra nrk.no
  2. P3.no, 06.02.13: Phil T. Rich er årets urørt, arkivert frå originalen 21. august 2013, henta 7. februar 2013 
  3. P3.no, 06.02.13: Phil T. Rich er årets urørt, arkivert frå originalen 21. august 2013, henta 7. februar 2013