NSB type 88 er ei dieselelektrisk motorvogn som tenestegjorde i NSB i 1945-1973. Toget vart kalla lyntog. Totalt seks to-vognssett vart bygd av Strømmens VærkstedStrømmen, med levering mellom 1942 og 1946, men dei vart ikkje i sette drift før 1945. I 1958 vart dei bygde om til tre-vognstog. Ingen av motorvognene har blitt tatt vare på.

NSB type 88
Type Dieselelektrisk motorvogn
Produsent Strømmen
Byggeår 1942–46, 1958
Bygde sett 6
Passasjerar 157/162
Spesifikasjonar
Totalmasse 42 tonn
Banemotor Maybach
Toppfart 120 km/t
Yting 1300 hk
970 kW

Toget minna mykje om det elektriske NSB type 66. Begge vart kalla lyntog, ettersom toppfarten var høgare enn på noko anna norsk tog på den tida. Særleg i fronten minner NSB type 88 mykje om det tyske høgfartstoget Fliegender Hamburger. Dette hadde òg banemotorar frå Maybach.

NSB type 88 gjekk mellom anna på Dovrebanen. Det er avbilda på frimerke gitt ut i høve hundreårsjubileet for norsk jernbane, NK 420 utgitt 30. april 1954.

Bakgrunnsstoff endre