Motorvogn på skjener

motorvogn på skjener
(Omdirigert frå Motorvogn for tog)

Ei motorvognskjener er ei sporvogn (trikk) eller jernbanevogn med eigen motor.[1] Motorvogna skil seg frå eit lokomotiv ved å ha særskild tillaga rom for persontransport og/eller godstransport, medan lokomotivet er utan. Lokomotivet kan såleis ikkje nyttast på anna vis enn til å trekke person- og godsvogner med, medan ei motorvogn gjer nytten utan tilkopla vogn eller vogner. Nyare persontog er vanlegvis bygde som faste motorvognsett med fleire vogner, slik at bruk av lokomotiv i persontog vert stendig meir sjeldsynt.

Ein tidlegare type trikk (sporvogn) i Oslo, samansett av ei motorvogn som dreg ein motorlaus tilhengar. Slike motorvogner gjekk òg ofte utan tilhengar. Trikkane trengde ei sporsløyfe for å kunne snu og køyre attende same vegen, då det berre var førarplass framme i motorvogna.
Ein Oslo-trikk, motorvogn med tilhengar, bygd i 1913. Dei eldre trikkane i både Noreg og andre land var på liknande vis ei motovogn som kunne køyre åleine, men som kunne få tilkopla ei eller to motorlause vogner når dette var naudsynt. Seinare vart det ikkje uvanleg at to motorvogner vart kopla saman i tog, både på forstadsbanar og på bytrikknettet.
Motorvogn med tilkopla vogn på Ofotbanen. Slike togsett kunne kjørast att og fram utan å snuast, då det var førarplassar i båe vognene. Dersom det var meininga at motorvogna skulle kjøyrast åleine, var det førarplass i kvar enda av vogna.
To motovogner samankopla i tog på forstadsbanen Røabanen i 1958. Båe motorvognene har føararplass i kvar ende, og kan køyrast kvar for seg.

Motorvogner brukt i Noreg

endre

Elektriske

Forbrenningsmotorvogner

Av dei elektriske motorvognene blir type 69 og 72 brukt til lokaltog, type 71 for Flytoget, type 70 for mellomdistansetog og type 73 for ekspresstog.

Av dieseltoga blir type 92 og 93 brukt for både lokaltrafikk og langdistansetrafikk på Rørosbanen, Meråkerbanen og Nordlandsbanen. Y1 blir brukt på Bratsbergbanen.

Dei øvrige motorvognene er ikkje lenger i teneste.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «motorvogn» i Nynorskordboka.