Nabi Salih (arabisk النبي صالح) er ein liten palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 20 kilometer nordvest for Ramallah. Han hadde kring 530 innbyggjarar i 2007.

Nabi Salih
النبي صالح, an-Nabi Salih, Nabi Saleh
landsby
Namneopphav: Den rettvise profeten[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°01′0″N 35°7′29″E / 32.01667°N 35.12472°E / 32.01667; 35.12472
Areal 2,8 km²
Folketal 534  (2007)
Folketettleik 191 / km²
Kart
Nabi Salih
32°01′00″N 35°07′29″E / 32.016666666667°N 35.124722222222°E / 32.016666666667; 35.124722222222
Wikimedia Commons: Nabi Salih

Historie endre

I 1596 stod landsbyen oppført (som Dayr Salih) i osmanske skattelister som ein del av i Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på to hushaldningar, begge muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar og tilfeldige inntekter[2].

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden to gonger på 1800-talet. I 1870 skreiv han at staden var kalla opp etter ein person som «vert halde i ære der, under ein koubbeh delvis bygd med vanleg steinverk med ein eldgammal utsjånad.» I 1870 estimerte Guérin at landsbyen hadde 150 innbyggjarar.[3] I The Survey of Western Palestine (1882), vart Neby Saleh skildra som «ein mellomstor landsby på ein rygg, med ein liten moské og ein brunn i sør. Ei kjelde ligg 1 km mot aust.»[4]

Heilagdomen til Salih endre

Ei lokal segn meiner bygningen med blåfarga kuppel i landsbyen er heilagdomen til profeten Salih (I Bibelen Sjelah). Den moderne strukturen vart bygd på 1800-talet under osmansk styre. Han vart bygd over ruinane av eit krossfararbygg, som visstnok vart bygd over ruinane av ei bysantinsk kyrkje. Ruinane av den eldre strukturen omfatta apsisar med tre passasjar bak heilagdomen.

Geografi endre

Landsbyen ligg 570 meter over havet langs fjellkjeda som går langs Vestbreidda. Nabi Salih ligg 20 kilometer nordvest for byane Ramallah og al-Bireh.[5] I nærleiken ligg Bani Zeid i nordvest, Kafr Ein i nord, Deir as-Sudan i nordaust, 'Abud i vest og Deir Nidham i sørvest.[6]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 240
  2. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112.
  3. Guérin, 1875, s. 105, 106.
  4. Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 291
  5. Velkommen til al-Nabi Salih Palestina Remembered.
  6. Satellite view of al-Nabi Salih

Bakgrunnsstoff endre