Nahal Alexander (hebraisk נחל אלכסנדר) er ei elv i Israel som flyt frå fjella i Samaria til Middelhavet, nord for Netanya. Elva er kring 45 km lang. Fleire småelvar renn ut i Nahal Alexander: Nablus, Te'enim, Ometz, Bahan og Avihail. Det meste av elva ligg i Heferdalen.

Nahal Alexander
elv
Alexander stream
Land  Israel
Distrikt Det sentrale distriktet
Koordinatar 32°23′46.08″N 34°51′56.53″E / 32.3961333°N 34.8657028°E / 32.3961333; 34.8657028
Lengd 45 km
Kjelde Samaria
Munning Middelhavet
Kart
Nahal Alexander
32°23′46″N 34°51′57″E / 32.396197°N 34.865706°E / 32.396197; 34.865706
Kart som viser Nahal Alexander.
Kart som viser Nahal Alexander.
Kart som viser Nahal Alexander.
Wikimedia Commons: Alexander Stream

Nahal Alexander er habitat for skjelpadder som kan nå ein storleik på 1,20 meter og vege opp til 50 kg. I tillegg finst her sothønerog andre vassfuglar, sumpbeverar og sumpkattar. Av fisk i elva finn ein mallefisk, tilapia, elveål og multer.[1]På sørbreidda finst det skiftande sanddyner og på nordbreidda ein eukalyptuslund.[2]

Historie

endre
 
Nahal Alexander, nær Skjelpaddebrua.

Hurvat Samra er ei ruin frå antikken som ligg på ein ås oppom Nahal Alexander. Ho kan ha vore ein tollstasjon for varer som vart transportert ned elva til ei hamn nær munningen.[2]

Beit Yanai-stranda ligg der elva flyt ut i Middelhavet.[3] Nord for stranda ligg restane av ein kai som er bygd i 1938, under Det britiske mandatet. Han vart nytta for løynd jødisk immigrasjon til Palestina då britiske styresmakter avviste skip med europeiske jødar som flykta frå nazistane.[2]

Vinteren 1991 fløymde Nahal Alexander over og det meste av skjelpaddebestanden dreiv ut i Middelhavet. Då dei attverande egga ikkje klekte, sette Israel natur- og parktilsyn i gang eit prosjekt for å samle inn egga, ruge dei og sleppe dei nyfødde skjelpaddene ut att i elva.[4]

Kjelder

endre
  1. «Israel's rivers: Back from the dead». Jerusalem Post. 11. juni 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Nahal Alexander park». Israel natur- og parktilsyn. 31. desember 2009. Arkivert frå originalen 30. august 2012. Henta 30. september 2014. 
  3. Beit Yannai beach yields serenity on winter weekdays
  4. The Best Kept Secret of Emek Hefer: Nahal Alexander & Turtles[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

endre