Nahf
Nahf (arabisk نحف, Naḥf eller Nahef; hebraisk נַחְף)[1] er ein arabisk by i Nord distrikt Israel. Han ligg mellom nedre og øvre Galilea, kring 23 km aust for Akko. I 2011 hadde byen eit folketal på 7 800.[2]
Nahf | |||
נַחְף, نحف, Nahef, Naḥf | |||
lokal kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°55′53.94″N 35°19′10.51″E / 32.9316500°N 35.3195861°E | ||
Areal | 6,1 km² | ||
Folketal | 7 800 (2011) | ||
Folketettleik | 1 279 / km² | ||
Nahf 32°55′55″N 35°19′03″E / 32.931944444444°N 35.3175°E | |||
Kart som viser Nahf.
| |||
Wikimedia Commons: Nahaf |
Historie
endreLandsbyen er gammal og har ruinar frå romersk tid og mellomalderen. Han vart kalla «Nef» i krossfarartida.[3][4][5] I 1250 vart han nemnd i lag med Beit Jenn, Jalun og ander stader i området som ein del av området som høyrte til Den tyske riddarordenen.[6][7]
Eit kart frå 1799 av Pierre Jacotin synte staden, kalla «Nafeh».[8] Då Victor Guérin vitja Nahf i 1875, skildra han landsbyen som ein stad med 400 muslimar og somme gresk-ortodokse familiar,[9] medan Nahf i 1881 vart skildra som ein landsby bygd av stein med 200 muslimar, oliven og dyrkbar mark.[10]
Det britiske mandatet
endreI ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Nahf eit folketal på 818, to jødar, seks kristne og 810 muslimar,[11] som i folketeljinga i 1931 hadde auka til 994, alle muslimar, i 194 hus.[12]
I 1945 var folketalet i Nahf 1 320, alle arabarar, som eigde 15 745 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.[13] 1 088 dekar var plantasjar og irrigert land, 4 571 nytta for korn,[14] medan 44 dekar vart utbygd (urbant) land.[15]
1948 og tid etter
endreNahf vart erobra av Israel den 18. juli 1948 under Operasjon Dekel leia av Sheva-brigaden. Den lokale militsen i landsbyen og frivillige i Den arabiske frigjeringshæren var med på å forsvare landsbyen. Byen vart ståande intakt og få av innbyggjarane flykta frå heimane sine. Folkesetnaden vart verande i unntakstilstand fram til 1966.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nahf» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestina.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestina byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress. (p. 640)
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 3: Galilea, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2. (p. 192)
- Karmon, Y, (1960), An analysis of Jaconin's map of Palestina, IEJ (=Israel Exploration Journal), 10, s. 155-173 and 244-153. Sitert i Petersen, 2002
- Lerer, Yoav (8/6/2009): Nahf Final Report Arkivert 2013-07-24 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.121
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestina.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Petersen, Andrew (2001): A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology)
- Pringle, Denys (1997). Secular buildings in the Crusader Kingdom of Jerusalem: an archaeological Gazetter. Cambridge University Press.
- Röhricht, Reinhold (1893). (RRH) Regesta regni Hierosolymitani (MXCVII-MCCXCI) (på latinsk). Berlin: Libraria Academica Wageriana.
- Strehlke, Ernst, red. (1869). Tabulae Ordinis Theutonici ex tabularii regii Berolinensis codice potissimum. Berlin: Weidmanns.
- Smithline, Howard (30/3/2005): Nahf Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.117
- Tepper, Yotam (16/8/2007): Nahf (East) Final Report Arkivert 2012-05-15 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.119
- ↑ Palmer, 1881, s. 64, 92
- ↑ Integrating Arabs in the Workforce, Jerusalem Post
- ↑ Pringle, 1997, s. 114
- ↑ Petersen, 2001, s. 239
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 255. Sitert i Petersen, 2001, s. 239
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 208
- ↑ Strehlke, 1869, s. 78-79, No. 100; sitert i Röhricht, 1893, RHH, s. 308, No. 1175
- ↑ Karmon, 1960, s.166, Sitert i Petersen, 2001, s. 239
- ↑ Guérin, 1880, s. 451 - 452 Cited partially in Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 255. Translation in Petersen, 2001, s. 239
- ↑ Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 203
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36
- ↑ Mills, 1932, s. 102
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 81[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 131[daud lenkje]