Najran-regionen

(Omdirigert frå Najran-provinsen)

Najran (arabisk نجران, Naǧrān) er ein region i Saudi-Arabia, sør i landet langs grensa til Jemen. Han har eit areal på 149 511 km². Hovudstaden er byen Najran.

Najran
نجران
Region
Land  Saudi-Arabia
Koordinatar 17°29′N 44°08′E / 17.483°N 44.133°E / 17.483; 44.133
Hovudstad Najran
Areal 149 511 km²
Folketal 505 652  (2010)
Folketettleik 3 / km²
Leiar Jelawi bin Abdulaziz bin Musaed bin Jelawi Al Saud [1]
Postnummer 10
Kart
Najran-regionen
17°29′30″N 44°07′56″E / 17.491666666667°N 44.132222222222°E / 17.491666666667; 44.132222222222
Wikimedia Commons: Najran Province

Najran er busett av den mektige yam-stamma, som har budd i regionen i mange hundreår.

Namn endre

Namnet Najran tyder 'trestykke som dørhengsla går rundt'. Ordet «Najran» tyder òg 'tørst'. Ei anna forklaring er at namnet kjem frå Najran Ibn Zaidan Ibn Sabaa Ibn Yashgab Ibn Yareb Ibn Qahtan fordi han var den første personen som busette seg i Najran.

Geografi endre

Najran består av tre geografiske område. Det eine er eit flatt område som ligg sentralt i Najran. Det har fleire dalar og den mest kjende av dei er Najrandalen. Det andre er eit fjellområde i vest og i nord. Her er klimaet meir moderat med vakre parkar og skuggar frå nabk-trea. Det siste området er eit sandete område i aust, som er ein del av ørkenen Rub al-Khali.

Guvernement endre

  • Al Khirkhir (4 015)
  • Badr Al Janub (11 117)
  • Hubuna (20 400)
  • Khubash (22 133)
  • Najran (329 112)
  • Sharurah (85 977)
  • Thar (16 047)
  • Yadamah (16 851)

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Najran-regionen