Najran (arabisk نجران, Najrān) er ein by sørvest i Saudi-Arabia nær grensa til Jemen. Han er det administrative senteret i Najran-regionen. Najran har status som ein ny by og er ein av dei raskast veksande i landet. Folketalet har auka frå 47 500 i 1974 og 90 983 i 1992 til 246 880 i 2004 og over 500 000 i 2010.

Najran
by
Land  Saudi-Arabia
Region Najran
Høgd 1 293 moh.
Koordinatar 17°29′30″N 44°7′56″E / 17.49167°N 44.13222°E / 17.49167; 44.13222
Folketal 505 652  (2010)
Grunnlagd 4000 fvt.
 - Med i Saudi-Arabia sidan 1934
Borgarmeister Faris al-Shafaq
Provinsguvernør Jelawi bin Abdulaziz bin Musaed bin Jelawi Al Saud
Retningsnummer (+966) 17
Kart
Najran
17°29′30″N 44°07′56″E / 17.4917°N 44.1322°E / 17.4917; 44.1322
Wikimedia Commons: Najran
Nettstad: www.najran.gov.sa

Innbyggjarane i byen er i hovudsak sjia-ismailar, medan sunnimuslimar utgjer den nest største gruppa.

Det arabiske namnet Najrān har minst to tydingar. Det tyder både «dørkarm» og «tyrst». I følgje ei lokal segn fekk byen namn etter den første mannen som slo seg ned i området, Najran ibn Zaydan ibn Saba ibn Yahjub ibn Yarub ibn Qahtan.

Najran var det jeminittiske senteret for stoff-produksjon og opphavleg vart kiswah eller klede over Ka'aba laga der (kledet over Kaba starta først med dei jemenittiske kongane av Saba). Det var tidlegare eit jødisk samfunn i Najran, som var kjende for klesplagga dei laga. I følgje ei jemenittisk-jødisk segn skal jødane i Najran ha kome frå dei ti tapte stammene. Najran var òg ein viktig stad langs røykjelsesruta.

Historie endre

 
Inngangen til Najran museum.

Historia til Najrān kan sporast attende til 4 000 fvt. Han var ein gong okkupert av romarane. Faktisk var han den første jemenittiske byen som fall til romarane då dei var på veg til den jemenittiske kongedømet Saba'. Najrān var velståande på grunn av handel i første og andre hundreåret fvt.. I antikken vart han kalla Al-Ukhdūd.

Tidleg historie endre

På liknande vis som andre stadnamn i Arabia, kan namnet på Najrān ha vore namnet på ein heil oase med fleire byar og landsbyar. Det gamle namnet på ruinane vert no kalla «al-Ukhdūd», som kan ha vore ein sentral by.

Najrān var ein stoppestad langs røykjelsesvegen. Alle vegane som forlet Jemen i nord eller vest møttest i Najran, der vegen gjekk vidare i to generelle retningar. Dei nordover gjekk gjennom Ḥijāz mot Egypt og Levanten og dei mot nordaust gjekk mot Gerrha nær Persiabukta.[1]

Najrān vart erobra kring 685 fvt. av den sabeiske kongen Mukarrib Karib'il Watar I av Jemen. Den seinare sabeiske kong Yithi'amar Bayin øydela RagHmat kring 510 fvt. Najrān verkar å ha vore under Ma'in eller sabeisk styre til forskjellige tider dei neste hundreåra og vart så ein del av Jemen fram til 1937.

Den romerske prefekten i Egypt, Aelius Gallus, leia ein kostbar, vanskeleg og mislykka ekspedisjon for å erobre Arabia Felix og vann eit slag nær Najrān i 25 fvt. Han okkuperte byen og brukte han som base for åtak mot hovudstaden Ma'rib. I følgje Strabon,[2] var Najrān på den tida den nordlegaste byen i Saba'.

himjarittane erobra sabearane i 280 evt., tok dei truleg òg kontroll over Najrān. Ein gong på 200-talet tok folket i Najran abyssinarane si side. Himjar-kongen Ilsharah Yahdib slo hardt ned på dette opprøret.

Den nordarabiske lakhmide-kongen Imru’ al-Qays ibn 'Amqu gjekk til åtak på Najrān i 328 evt. Underlagt Aksum, treivst dei kristne i Najran og starta ein allianse med Aksum igjen på byrjinga av 500-talet.

Tidlege kristne samfunn endre

Kristendomen må ha blitt introdusert i Najran, som resten av Sør-Arabia, på 400-talet evt. eller kanskje tidlegare. I følgje den arabiske, muslimske historikaren Ibn Isḥāq, var Najran den første staden der kristendomen fann røter i Sør-Arabia. I følgje samtidige kjelder, gjekk Dhū Nuwās, ein jødisk konge som tok trona frå himjarittane, til åtak i ca. 518 eller 523[3] mot aksumittiske (hovudsakleg kristne) garnisonen ved Zafar, og brende ned kyrkjene deira. Han flytta så mot Najrān, ein kristen og aksumittisk skanse. Etter at byen kapitulerte massakrerte han dei innbyggjarane som ikkje ville fornekte kristendomen. Dødstala er estimert opp til 20 000 i somme kjelder, og eit brev (der han er kalla Dimnon) skriven av Simon, biskopen i Beth Arsham i 524 evt., fortel om forfølginga til Dhū Nuwās i Najrān.[4] Forfølgjinga er visstnok skildra og fordømd i Koranen (al-Buruj:4).

Under regjeringstida til kalif ‘Umar vart det kristne samfunnet i Najran deportert til Mesopotamia, med bakgrunn i at ingen ikkje-muslimar fekk lov til å bu på [[Den arabiske halvøya.<]]ref>Hitti, Phillip. Historie på Arabs from the Earliest time to the Present. New York: Macmillan, 1951. s. 61</ref>

Byen Najrān var alt eit viktig senter for våpenproduksjon under levetida til Muhammed, men var meir kjend for lêr enn jern.

Tidlegare jødiske samfunn endre

Najrān hadde eit jødisk samfunn som er datert attende til før-islamsk tid, historisk knytt til Banim Chorath som var jemenittiske jødar som hadde erobra og styrt fram til den kristne invasjonen av Jemen.[5] Då saudiarabarane erobra Najrān i 1934, auka forfølgjinga, og kring 200 jødar frå Najran flykta sørover til Aden mellom september og oktober 1949. Den saudiarabiske kongen ʻAbd al-ʻAziz kravde at dei kom attende, men den jemenittiske kongen Aḥmad bin Yaḥyá nekta, sidan desse flyktningane var jemenittiske jødar. Etter å ha slått seg ned i Ḥashid-leiren (òg kalla Mahane Geula) vart dei flydd til Israel som ein del av den større Operasjon Flygande teppe.[6]

Najran i Saudi-Arabia endre

Najrān vart ein del av det nye kongedømet Saudi-Arabia i 1934 etter innsatsen og kampane til sjeik Jābir Abū Sāq, leiaren for den ein gong store klanen Yam. Får 1924 utførte den tidlegare jemenittiske kongeo fleire mislykka raid for å annektere Najran til Jemen. Kongen av Jemen gjorde fleire manøvrar for å styrke bandet sitt til somme av stammeleiarane i Najran for å motverke dei sterke banda mellom folket i Najran og Bin Saʻūd. I 1932 gjekk styrkane til imam Yaḥyá frå Jemen til åtak på Najrān med meir enn 50 000 soldatar, med alle slags nye våpen. Yām, som var den dominerande stamma i Najrān, i lag med andre lojalistar i byen, starta ein lang motstandskamp mot okkupasjonsstyrkane. Men eit sterkt segment av stammeleiarane i Najran støtta okkupasjonsmakta og somme vart passive, og venta med å velje side til krisa var over. Sjeik Jābir Abū Sāq, som leia Yam-klanen på den tida, klarte raskt å få støtte hos kong ʻAbd al-ʻAzīz Bin Saʻūd og klarte å leie Yām-stamma og alle motstandsstyrkane som kjempa mot dei jemenittiske styrkane i alle delar av Najran og Bilād Yām. Seinare, på våren 1934, utførte armeen til Bin Saʻud, kommandert av sonen til prins Saʻūd frå ʻAbd al-ʻAzīz, eit massivt åtak, omringa Najran frå nord og nordvest og slo den jemenittiske hæren. Najran vart ein del av Saudi-Arabia. Byen vart slik ein del av Saudi-Arabia, sjølv om han hadde vore ein del av Jemen sidan antikken.

Demonstrasjonar endre

Ismailiane, ein religiøs og etnisk minoriet med historiske røter i Najran-provinsen sørvest i Saudi-Arabia, har stadig fått identiteten sin truga som følgje av offisiell diskriminering. Då Mishʻal bin Suʻūd var guvernør i Najrān i 1996, auka spaninga mellom lokale styresmakter og ismailane, og kulminerte i ein konfrontasjon mellom væpna ismail-demonstrantane og politi- og hær-eininga utafor Holiday Inn hotell i Najrān by i april 2000. Offisiell diskriminering i Saudi-Arabia mot ismailane omfattar tilsetjingar i staten, religiøs utøving og rettssystemet. Funksjonærar i staten ekskluderer ismailane når ein skal ta avgjersler og talar offentleg nedsetjande om trua deira.[7]

Konfrontasjonen ved Holiday Inn i Najrān den 23. april 2000, markerte eit skilje i forholdet mellom ismailane og det sentrale styret. Tre månader tidelgare hadde politiet stengd alle ismailske moskear under ei høgtid. Den 23. april, etter at tryggingsstyrkar og det religiøse moralpolitiet arresterte ein ismailisk prest, oppstod det ein stod demonstrasjon utafor Holiday Inn, der guvernøren Mishʻal budde. Etter guvernøren i mange timar nekta å møte demonstrantane, vart det utveksla eld mellom tryggingsstyrkane og væpna demonstrantar. To ismailarar og ein politimann mista livet. Ismailane meinte den religiøse identiteten deira var under åtak, og reiste forsvarsverk kring Khushaywah, setet til den den ismailske religiøse leiaren, al-Dāʼiʻ al-Muṭlaq, og den andelege hovudstaden for Sulaymānī Ismāʻīlīs, eit samfunn med følgjarar i India og Pakistan, i tillegg til Saudi-Arabia and og. Khushaywah, som er eit område i Najran, omfattar Manṣūrah-moskeen. Hæren kringsette dei ismailske stillingane og sette byen under kontroll. Det heile enda same dagen utan vidare kampar.[8]

Avertting endre

Den 19. juni 2012 vart Murīʻ bin ʻAlī bin ʻIsá al-ʻAsīrī (مريع بن علي بن عيسى العسيري) halshogd etter skuldingar om trolldom, i følgje Saudi Press Agency (SPA), det statlete nyhendebyrået.[9][10] Ei melding frå innanriksdepartementet sa at det vart funnen bøker og talismanar på mannen, og han skulle ha innrømd utruskap med to kvinner. Etter ei etterforsking sende tryggleiksstyresmaktene saka til retten, der han vart dømd til døden.[11]

Arkeologiske ruinar endre

Najrān er kjend for fleire arkeologiske funn. Gamle Najrān var kringsett av ein sirkulær mur, som målte 220 gonger 230 meter, bygd av firkanta stein med forsvarsbalkongar. Her finst fleire unike bygningar. Det ligg ein gravplass sør for den ytre muren. Utgravingar av denne staden har avdekt glas, metall, keramikk og bronselekamar. Ein har òg funne firkanta og rektangulære bygningar. Ved Al-Ukhdūd, som ligg sør for Najrān by, kan ein sjå utskjeringa og menneskebein frå eldre tider.[12]

Geografi endre

Najran ligg i tre forskjellige landskap med oasaar, fjell og ørken på austsida.

Klima endre

Klimaet i Najran er eit varmt ørkenklima, som er typisk for Den arabiske halvøya. Det kjem berre sporadisk og lett regn. Den årlege normaltemperaturen er lågare enn i Riyadh, trass i at han ligg lenger sør. Dette kjem av at han ligg i høgda.

Vêrdata for Najran (2000-2012)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 24 26 27 31 35 37 38 37 34 30 26 25 31
Døgnmiddeltemperatur °C 17,5 20,5 23 26 29 32,5 31,5 22,5 28,3 23,5 20 17,8 23,6
Gjennomsnittleg min °C 9 12 15 17 20 22 22 21 19 15 12 9 16
Gjennomsnittleg nedbør mm 0 9,6 0,4 1,2 3,7 3,4 0 1,5 0 2,5 0 0,1 22,4
Kjelde: Meteo climat[13][14]


Kjelder endre

  1. Description in A. F. L. Beeston Some Observations on Greek and Latin Data Relating to South Arabia in Bulletin of the School of Oriental and Afrikan Studies, University of London, Vol. 42, No. 1 (1979), s. 7-12; online at JSTOR
  2. Strabon, Book XVI, Chapter 4, 22-24 The Geography of Strabon, published in Vol. VII of the Loeb Classical Library edition, 1932; online at Lacus Curtius
  3. http://www.thejc.com/news/uk-news/historians-back-bbc-over-jewish-massacre-claim
  4. Simon's letter is part of Part III of The Chronicle of Zuqnin, translated by Amir Harrack (Toronto: Pontifical Institute of Medieval Studies, 1999), s. 78-84.
  5. Gilbert, Martin, «In Ishmael's House», 2000, (p. 5)
  6. Gilbert, Martin, «In Ishmael's House», 2000, (p. 271)
  7. «The Ismāʻīlīs of Najrān. Second-class Saudi citizens» (PDF). Human Rights Watch. 2008. Henta 25. mai 2016. 
  8. «The Ismailis of Najran. Second-class Saudi citizens» (PDF). Human Rights Watch. 2008. Henta 25. mai 2016. 
  9. http://www.bbc.co.uk/news/world-middle-east-18503550
  10. http://news.yahoo.com/saudi-man-executed-witchcraft-160212041.html
  11. http://www.alriyadh.com/net/article/745522
  12. The Incense Road: Najran
  13. «Meteo climat». World Weather Online. Henta 3. mars 2015. 
  14. «STATION Aix en Provence» (på fransk). Météoclimat. Henta 19. desember 2014. 

Bakgrunnsstoff endre