Namnet Tor
Tor og Thor er mannsnamn med opphav i det norrøne gudenamnet Þórr. Tord er ein variant av namnet.
Namnet Tor er brukt mykje som namnedel, i namn som Toralv, Torgeir, Torgils, Tore, Tormod, Torolf, Torvald. Tora er eit tilsvarande norsk kvinnenamn.
Tor har norsk namnedag 10. september.
Kjende namneberarar
endre- Thor Thorvaldsen (1909-1987), norsk seglar
- Thor Heyerdahl (1914-2002), norsk eventyrar
- Tor Jonsson (1916-1951), norsk diktar
- Thor Vilhjálmsson (1925-2011), islandsk forfattar
- Tor Erling Staff (f. 1933), norsk advokat
- Tor Obrestad (f. 1938), norsk forfattar
- Tor Åge Bringsværd (f. 1939), norsk forfattar
- Tor Edvin Dahl (f. 1943), norsk forfattar
- Thor Pedersen (f. 1945), dansk politikar
- Tor B. Jørgensen (f. 1945), norsk biskop
- Tor Langbach (f. 1949), norsk jurist
- Tor Fuglevik (f. 1950), norsk journalist
- Tor Bomann-Larsen (f. 1951), norsk forfattar
- Tor Ulven (1953-1995), norsk forfattar og teiknar
- Tor Nørretranders (f. 1955), dansk forfattar
- Tor Endresen (f. 1959), norsk musikar og Eurovision-deltakar
- Tor Heiestad (f. 1962), norsk skyttar
- Tor Mikkel Wara (f. 1964), norsk politikar (FrP)
- Tor Arne Hetland (f. 1974), norsk langrennar
- Thor Hushovd (f. 1978), norsk syklist
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Tor hjå Statistisk Sentralbyrå