Opna hovudmenyen

Tor Mikkel Wara (fødd 27. desember 1964) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1989. Frå 4. april 2018 til 15. mars 2019 var han justis-, beredskaps- og innvandringsminister i regjeringa Solberg.

Tor Mikkel Wara
FøddTor Mikkel Vara
27. desember 1964
Karasjok
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
SambuarLaila Anita Bertheussen

Innhaldsliste

BakgrunnEndra

Wara er fødd i Karasjok i Finnmark. Faren var politimann.[1]

KarriereEndra

Wara var nestleiar i Framstegspartiet frå 1991 til 1993, og vart rekna som Carl I. Hagen sin favoritt til å ta over formannskapet i partiet. Wara velde sjølv å gå ut av Framstegspartiet kort tid etter Bolkesjø-landsmøtet i 1993, men det er ikkje riktig at han var ein av dei som vart ekskludert på landsmøtet, som det av og til vert hevda. Han har i fleire år arbeidd som kommunikasjonsrådgjevar i Geelmuyden.Kiese, Madland&Wara, og seinare i Wara Consulting.

StortingskomitearEndra

KjelderEndra

  1. Hanne Mauno (6. mai 2018). «Tor Mikkel Wara om familien, farens bortgang, politikken og den tapte liberalismen». Dagsavisen. (krev abonnement). 

BakgrunnsstoffEndra