Tor Obrestad

norsk diktar

Tor Obrestad (12. februar 193825. januar 2020)[1] var ein norsk forfattar. Han gav ut romanar, noveller, dikt, gjendiktingar, skodespel og biografiar.

Tor Obrestad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1938
Hå kommune
Død

25. januar 2020 (81 år)
Nærbø

Yrke skribent, biograf, lyrikar
Språk nynorsk

Liv og forfattarskap endre

Tor Obrestad vart fødd i Jæren og tok lærarutdanning, som han avslutta i 1963. Deretter drog han til Oslo for å studera engelsk. Han debuterte i 1966 med diktsamlinga Kollisjon, som han fekk og novellesamlinga Vind, noko han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Året etter gav han ut ei gjendikting av William Blake.

Forfattaren var sterkt involvert i det radikale kunstnarmiljøet i 1960-åra. Han var med i gruppene rundt tidsskrifta Profil og Syn og Segn, sat i redaksjonen til Fossegrimen og vart seinare redaksjonssekretær i Vinduet. Obrestad var òg med på å stifta det første marxist-leninistiske lokallaget i Groruddalen. Som den gode sosialistiske forfattaren han var skreiv han om streiken i Sauda i 1970 (Sauda! Streik!, 1972), og Hammerverk-konflikten (Stå på!, 1976).

Tor Obrestad har stått for fleire utgjevingar om Jæren og om menneske med tilknyting til landskapet, som Arne og Hulda Garborg og Alexander Kielland. Obrestad verka òg som bokmeldar i Aftenposten og Stavanger Aftenblad. Han fekk Noregs Mållags barnebokpris i 1985.

Verkliste endre

Dikt endre

  • Kollisjon. 1966
  • Vårt daglege brød. 1968
  • Den norske løve. 1970
  • Sauda og Shanghai. 1973
  • Stå saman. 1974
  • Vinterdikt. 1979
  • Misteltein. 1987
  • Mimosa, myosotis, rosmarin. 1994
  • Ohrid. 1999
  • Himmelen over Vålandskogen. 2009

Noveller endre

  • Vind. 1966
  • Tolken. 1975
  • Sjå Jæren, gamle Jæren. 1982
  • Forsøk på å halda fast tida. 1993
  • Kvinnene i Casablanca og andre historier. 2002

Romanar endre

  • Marionettar. 1969
  • Sauda! Streik! 1972
  • Stå på! 1976
  • Ein gong må du seie adjø. 1981
  • Seks netter, seks dagar. 1989
  • Bernhards mor. 1998
  • Krokodillen Alexander og navigator emeritus, Reinert i Sjøhusgaten. 2001
  • Vi skal kle fjellet med menneske og våpen. 2006

Barnebøker endre

  • Reisa til bestemor. 1980
  • Kamelen i Jomarskogen. 1985

Atterdiktingar endre

Sakprosa endre

  • Oljearbeidarar. 1977
  • Tenningar. Skrivestykke gjennom 20 år. 1986
  • Arne Garborg. Ein biografi. 1991
  • Hulda. Biografi. 1992
  • Om Fred og nihil. Ei nylesing av Fred. 1994
  • Sannhetens pris. Alexander Kielland. 1996
  • Den lengste historia. Rogaland 10 000 f.Kr.-1350 e.Kr. 2004
  • Søk. 13 artiklar om litteratur. 2005
  • Einar Førde. Ein biografi. 2007

Pristildelingar endre

Kjelder endre

  1. Stavanger Aftenblad: Tor Obrestad er død

Bakgrunnsstoff endre