Tor Langbach (fødd 26. januar 1949) er ein norsk jurist fødd i Trondheim. Han var direktør for Domstoladministrasjonen frå 2007 til 2013.

Tor Langbach
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. januar 1949 (75 år)
Yrke dommar, advokat, direktør

Utdanning og karriere

endre

Tor Langbach tok examen artium i 1967, og vart cand. jur. i 1975. I studietida var han med i rettshjelpstilbodet JussBuss i 1972-73. Han var vit.ass. 1973-1974. Han var førstesekretær i Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk 1975-76, konsulent hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag 1976-1978 og dommarfullmektig i Midt-Trøndelag heradsrett 1978-1979. Han fekk advokatløyve i 1979. Han var førstekonsulent i Trondheim kommune 1979-1981. Han dreiv eige advokatkontor i Trondheim frå 1981 til 1993, og var mellom anna fast forsvarar i Frostating lagmannsrett. Frå 1993 var han dommar, mellom anna i konstituert lagdommar i Frostating lagmannsrett, mesteparten av tida tingrettsdommar og etter kvart nestleiar i Trondheim tingrett. Han er mellom anna kjend som dommar i den mediaomtala Orderud-saka i Nes heradsrett i 2001.

Frå 2006 hadde Tor Langbach eit engasjement i Domstoladministrasjonen, og har sidan 4. september 2007 vore direktør for Domstoladministrasjonen i Noreg, som har hovudsete i Trondheim. Åremålet som direktør strekte seg over 6 år og gjekk ut i september 2013.[1]

Bøker

endre
  • Forsvareren. 1996. Oslo: Juridisk forlag. ISBN 82-7513-039-5
  • Straffesaksbehandling i tingrettene. 2007. Oslo: Gyldendal Akademisk. ISBN 978-82-05-35812-6
  • Straffesaksbehandling i tingrettene. 2016. 2. utg. Oslo: Gyldendal Juridisk, Gyldendal Norsk Forlag. ISBN 9788205483002

Kjelder

endre

Fotnotar

endre