Nanabozho
Nanabozho (ojibwe ᓇᓇᐳᔓ, nɐˌnɐbʊˈʒʊ), òg kjend under fleire andre namn som Nanabush,[1] og Wenabozho, er ei ånd i dei tradisjonelle forteljingane til anishinaabefolk, særleg blant ojibwefolk. Nanabozho har ei leiande rolle i forteljingane deira, inkludert i historia om skapinga av verda. Nanabozho er ein luringfigur og ein kulturhelt blant ojibwfolk, som lik mange andre amerikanske urfolk kombinerer desse til ein enkeltfigur.
Nanabozho | |||
Piktograf av Nanabozho på Mazinaw Rock i Bon Echo Provincial Park i Ontario. | |||
Opptrer i | Folkloren til ojibwefolk og andre First Nations-folk | ||
---|---|---|---|
Andre namn | Mishaabooz, Michabous, Michabou, Nanaboozhoo, Nanabojo, Nanabushu, Nanabush, Nanapush, Nenabush, Nenabozho, Nanabosho, Manabush, Manabozho, Manibozho, Nanahboozho, Minabozho, Manabus, Manibush, Manabozh, Manabozo, Manabozho, Manabusch, Manabush, Manabus, Menabosho, Nanaboojoo, Nanaboozhoo, Nanaboso, Nanabosho, Nenabuc, Amenapush, Ne-Naw-bo-zhoo, Kwi-wi-sens Nenaw-bo-zhoo, Michabo, Michabou, Michabous, Michaboo, Mishabo, Michabo, Misabos, Misabooz, Messou, Winneboujou, Winabojo, Wenabozho, Wenaboozhoo, Waynaboozhoo, Wenebojo |
Nanabozho kan ta forma som mannlege eller kvinnelege dyr eller menneske i forteljingane om han. Vanlegvis er han eit dyr som ein ramn eller ein prærieulv som bur nær ein stamme, men som er slu nok til å gjera det vanskeleg å fanga han.
Nanabozho er ein luringfigur i forteljingane til mange nordamerikanske urfolk.[2] Medan forteljingar om han kan brukast til underhaldning, blei dei også gjerne brukt som ein måte til å overføra kunnskap og livsvisdom på.[3]
Eigenskapar
endreHamskifte
endreNanabozho er ein hamskiftar som både kan ha dyre- og menneskeform i forteljingar.[4] Formene er varierte, og endrar seg ofte frå stamme- til stammetradisjon. Størstedelen av forteljingar skildrar Nanabozho med dyreform. I Arktis og sub-Arktis blir han vanlegvis kalla Ramn. I California, Oregon, innlandsplatået, Great Basin, Sørvest-USA og dei sørlege slettene blir han gjerne kalla Coyote. I Søraust-USA er luringfiguren gjerne Kanin eller Hare, og på dei nordlege slettene er han Edderkopp. I delar av Canada kan han vera Jerv eller Skrikje. Ofte tek Nanabozho forma til desse dyra sidan dei ofte er nær stammar. Dyra som er nemnde har liknande oppførselssmønster. Dei lever alle nær menneskelege bustader, og er særs listige, slik at det er særs vanskeleg å fanga dei.[4]
Kjønn
endreKjønnsidentiteten til Nanabozho endrar seg avhengig av forteljing. Fordi figuren er ein hamskiftar, kan han vera androgyn. I dei fleste sogene som blir fortalde om han blir Nanabozho omtalt som hann, men i mange av dei er han også ei ho. Dette gjev figuren eit breiare spekter av historier fordi han kan tilpasse seg og endra seg når det trengst.[5]
Soger
endreNanabozho dukkar ofte opp i form av ein kanin og er karakterisert som ein luring. I kaninformene blir han kalla Mishabooz (‘Store kanin’ eller ‘Hare’) eller Gitchii-waabooz (‘Store kanin’). Han blei sendt til jorda av Gitche Manitou for å gje ojibwefolke kunnskap. Ei av dei fyrste oppgåvene hans var å gje namn til alle plantane og dyra. Nanabozho blir rekna som grunnleggeren av medisinbrorskapen midwiwin. Han er oppfinnaren av fiske og ojibweskrift. Denne historiske figuren er ein formskiftar og ein medskapar av verda.[6][7]
Kamp mot Paul Bunyan
endreEi ojibwesoge skildrar eit møte mellom Nanabozho og den legendariske tømmerhoggaren Paul Bunyan.[8] Nanabozho konfronterte Bunyan i Minnesota og bad tømmerhoggaren om å forlate staden utan å fella tømmer.[9] Dei byrja kjempa, og streid i førti dagar og førti netter. Nanabozho avslutta kampen med å klappa Bunyan over ansiktet med ein fisk frå Red Lake.[9] Etter dette snubla Bunyan, og Nanabozho greip tak i kinnskjegget hans og fekk han til å lova å forlate området.[9] Nokre utgåver legg til ein del der Bunyan landar tungt på rumpa ved slutten av kampen, og dermed skaper Bemidji-sjøen.[10][11]
Soga skal vera ei forklaring på kvifor Bunyan er skjegglaus og vend mot vest i statuen av han i Bemidji-sjøen.[9] Det er er reist in Nanabozho-statue på andre sida av gata til Bunyan-statuen.[12]
Sleeping Giant
endreSleeping Giant i Ontario er ei halvøy i Øvresjøen som minnar om ein liggande menneskefigur.[13] Lokale soger knyt denne formasjonen til Nanabijou, eller Nanabozho. Han skal ha skapt ein storm og gjort seg til stein etter at europearar blei fortalde om ein sølvforekomst på staden.[13]
I annan kultur
endreThe Song of Hiawatha er eit episk dikt frå 1855 av Henry Wadsworth Longfellow som gjenfortel fleire Nanabozho-historier frå ein utanforståande bakgrunn.
Nanabozho opptrer som «Nanabozo» i form av ein luringkanin i den sveitsiske teikneserien Yakari, t.d. Yakari et Nanabozo (1978).
Romanen Motorcycles and Sweetgrass (2010) av Drew Hayden Taylor inneheld ei samtidiog skildring av Nanabozho.[14] Her opptrer luringen som ein kvit mann som sjarmerer seg inn hjå ein urfolksfamilie som bur i Otter Lake-reservatet.
Kjelder
endre- ↑ Legendary Native American Figures: Nanabozho (Nanabush)
- ↑ «Nanabozho (Nanabush, Nanabosho, Wenebojo, Nanapush, Manabus)». Henta 9. desember 2021.
- ↑ Manitowabi, Susan (2018). «The Creation Story» (på engelsk).
- ↑ 4,0 4,1 Machová, Klára (2006). «Bakalářská diplomová práce» (PDF). Masaryk University Faculty of Arts.
- ↑ Magoulick, Mary (2018). «Trickster Lives in Erdrich: Continuity, Innovation, and Eloquence of a Troubling, Beloved Character». Journal of Folklore Research 55 (3): 87–126. ISSN 0737-7037. JSTOR 10.2979/jfolkrese.55.3.04. doi:10.2979/jfolkrese.55.3.04.
- ↑ «The Great Hare». Community-2.webtv.net. Arkivert frå originalen 9. desember 2012. Henta 29. juni 2010.
- ↑ «Nanabozho, Access genealogy». Accessgenealogy.com. Henta 29. juni 2010.
- ↑ Gross, Lawrence W. (2003). «Cultural Sovereignty and Native American Hermeneutics in the Interpretation of the Sacred Stories of the Anishinaabe». Wíčazo Ša Review 18 (2): 127–134. ISSN 0749-6427. JSTOR 1409540. doi:10.1353/wic.2003.0014.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 Hellenbrand, Kasey Keeler, Ryan. «In the Northwoods, Paul Bunyan Looms Large» (på engelsk). Henta 11. januar 2023.
- ↑ «1077 WRKR – Kalamazoo's Rock Station – Kalamazoo Rock Radio» (på engelsk). Henta 11. januar 2023.
- ↑ Unofficial source; forum discussion about the Nanabozho story and its local changes.
- ↑ Mel (26. mai 2012), Bemidji, MN: Nanabozho Muffler Man, henta 11. januar 2023
- ↑ 13,0 13,1 «Nanabijou – The Tale of The Sleeping Giant», Piercing Moon Creations (på engelsk), 29. mars 2019, henta 13. desember 2023
- ↑ Taylor, Drew (2010). Motorcycles and Sweetgrass (Modern Classics utg.). Canada: Penguin Books. ISBN 978-1-039-00061-2.
- Denne artikkelen bygger på «Nanabozho» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2023.