For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Luring av Odd Nordstoga.

Luring, engelsk trickster (frå to trick, «å lura»), er ein mytologisk figur som er kjent for å vera slu og å lura andre. Eventuelt dummar han også seg sjølv ut. Som hovudfigur fungerer luringen som ei form for antihelt.

Loke (høgre) og Idunn, den norrøne kjærleiksgudinna som er gift med Brage, har ansvaret for epla som gir evig ungdom, men blir bortførte av jotunen Tjatse. Luringen Loke speler ei vesentleg rolle i handlinga, her ei moderne fortolking av John Bauer, 1911

I mytologiar og i studiet av eventyr, fablar, folkeminne og religion fyller luringen eller tricksteren ei bestemd rolle eller funksjon for ein gud, ei ånd, eit menneske, eller eit antropomorfistisk (menneskeliknande) dyr som gjer lureri eller «triks» eller på andre måtar fornærmar eller lèt vere å lyda anerkjente reglar og normer for åtferd. Eit karakteristisk døme på ein slik figur er Loke i norrøn mytologi, som både oppfører seg vondskapsfullt (som ved døden til Balder[1]) og samtidig har eigenskapar som er nødvendige når ein treng drastiske tiltak (som når Tor sin hammar blir stolen).[2]

Mytologi endre

 
Luringen opptrer i mange kulturar og i mange former, her i form av Brer Rabbit i USA

Luringgudar bryt reglane til gudane eller naturen, av og til av vondskap (som Loke), men vanlegvis, om enn utilsikta, med positive effektar til slutt. Ofte tar brotet på reglane form av lureri eller triks (jfr. den greske gudinna for tvil og tvist, Eris) eller ved tjuveri. Luringar kan vera utspekulerte og listige, eller tåpelege og klossete, eller kan opptre med ein kombinasjon av begge deler. Dei er ofte morosame, sjølv når dei utfører betydelege kulturelle eller heilage oppgåver. Eit døme på dette er den heilage klovnen Heyoka hjå lakotafolket, som hadde som rolle å utføra «triks» og peik og såleis skaffa seg merksemd og fungera som ein utjamnar.

I mange kulturar, slik som i gresk antikk, norrøn gudelære eller i slaviske folkeminne, i lag med visdomsforteljingar frå kulturen til nordamerikanske urfolk, er luringen og kulturhelten ofte kombinerte. Eit illustrerande døme er Prometheus i gresk mytologi, som stal elden frå gudane og gav han til menneska. Han er oftast framstilt som ein kulturhelt snarare enn ein luring. I mange mytologiar hos urfolk i Nord-Amerika er det prærieulven (sørvestlege USA) eller ramnen (stillehavskysten, nordvest og Alaska) som stal eldane frå gudane (stjernene, månen, og/eller sola) og er i denne samanhengen meir ei luring enn ein kulturhelt. Dette er hovudsakleg sidan andre historier involverer desse åndene: Prometheus var ein titan der prærieulven og ramnen er vanlegvis (som i eventyra) sett på som spøkefuglar og luringar. Døme på luringar i verdsmytologiane er gitt av Hansen (2001), som listar opp Merkur i romersk mytologi, Hermes i gresk mytologi, Eshu i jorubareligionen i Vest-Afrika, og Wakdjunga i den nordamerikanske winnebago-mytologien som døme på luringen som ein arketype (ursymbol). Hansen konstaterer at luringen nesten utelukkande er av hankjønn.

Ofte syner luringfiguren ein fleksibilitet i kjønn og form, han kan skifta kjønnsroller og inngå i motsett seksuelle roller. Slike figurar opptrer i mytologiar hjå amerikanske urfolk der dei er sagt å ha eit vesen av to ånder. Den norrøne luringen Loke viser tilsvarande fleksibilitet i kjønn og blir ved eitt tilfelle òg gravid.[3] Interessant nok deler han moglegheita til å skifta kjønn saman med Odin, den øvste norrøne guddommen som delar mange karaktertrekk med luringen. Førestillinga om Odin innebar både feminine og maskuline sider, meir eller mindre seksuelle, som vanlegvis var knytte til vanene. Desse eigenskapane inneber ein opplagt tvitydigheit med omsyn til sosial kjønnstilhøyring, og kan truleg knytast til ekstatisk side av odinskikkelsen.[4]

I tilfellet med graviditeten til Loke var han tvinga av gudane til å stoppa ein jotne frå å fullføra ein mur rundt Åsgard for dei innan ein viss tidsfrist, fordi han då hadde krav på sola, månen og Frøya som løn. Gudane hadde gått med på forslaget ettersom dei ikkje trudde han ville klara det i tide, men jotunen hadde ein kjempesterk hest, Svadilfare. Loke forvandla seg til ei hoppe og lurte den magiske hesten til jotunen vekk frå arbeidet. Loke sjølv betalte ein pris som ikkje var ærefull ved seinare å føda eit føl som hadde åtte bein. Det blei kalla for Sleipner, og blei sidan gangaren til Odin.[5]

I nokre kulturar har ein dualistiske mytar som omfattar to demiurgar som skaper verda, eller to kulturheltar som ordnar verda på komplementært vis. Dualistiske kosmologiar er til stades i mytologiar frå alle verdsdelar, og viser stor forskjellar og mangfald.[6] Dei to heltane kan fullføra eller samarbeida, dei kan framstå som nøytrale eller vera kontrastar mellom det gode i det vonde, ha same tyding eller vera fråskilde som mektige i motsetnad til svake, vera brør (òg tvillingar) eller ikkje i slekt i det heile.[7]

Luringar frå ulike kulturar endre

Loke endre

 
Skisse av Lokesteinen, ein omtrent ein meter høg bauta utanfor kyrkja i Kirkby Stephen i Cumbria i England, som viser ein skikkelse med horn som er bunden i lenker.

Loke, norrønt Loki, står i ei særleg stilling i den norrøne gudeverda. Han er fødd av jotunslekt, men bakgrunnen er innfløkt og uklar. Jotunen Fårbaute er faren hans og mora synest å vera Lauvøy eller Nål, og han er innlemma i verda til gudane gjennom ein fosterbrorskap med Odin. Tydinga hans er stor. Ofte er det han som set hendingane i gang, og han har ofte ei hovudrolle i dei mange forteljinga.

Snorre Sturlason beskriv Loke som følgjande:

«Til æsene regnes også han som en del kaller æsenes baktaler. Alt sviks opphavsmann og alle guders skam. Han heter Loke eller Lopt (...). Loke er pen og vakker av utseende, men ond av sinnelag, og svært ustadig i sitt vesen. Han er foran andre i den klokskap som kalles sluhet og bruker list til alle ting. Han volder stadig æsene de verste ulykker, men redder dem igjen med sine listige innfall.»[8]

I mange forteljingar er Loke meir slu enn han sjølv har godt av. I myten om Idunn og jotunen Tjatse er han ein rein komisk figur. I ørneham freistar han å slå jotunen, men blir hengande igjen etter ei stong og slept over stokk og stein til han ber om nåde. I ei anna forteljing narrar han Tor avgarde utan jernhanskane sine, hammar eller styrkebelte. I myten om opphavet til Sleipner blir Loke både mann og kvinne. Av og til blir han straffa for gjerningane sine, som når han skjer håret av Siv, kona til Tor, og får leppene sydd igjen.

Det er fyrst og fremst myten om døden til Balder som har etablert Loke som vondskapsfull. Loke for at Balder døyr ved at få den blinde og uskuldige broren hans Hod til å skyta ei pil på han av det einaste materialet som Balder ikkje var verna mot. Straffa Loke får for denne udåden er òg tilsvarande: han blir slept til ei hole og bunde til tre store steinar med tarmane av sin eigen son. Ein eiterorm blir festa over hovudet hans, og når gifta dryper i hovudet hans vrir han seg i smerter (og såleis blir det skapt jordskjelv).[9]

Reven Renard endre

 
Reven Renard som luringen, avbilda her i ei barnebok frå 1869 ved Michel Rodange.

Den listige reven, kjend som Reven Renard, Reynard, Renart, Reinard, Reinecke, Reinhardus, Reynardt, Reynaerde og med mange andre skrivemåtar, er ein luringfigur som opptrer i mange antropomorfistiske forteljingar og dyrefablar i Europa frå mellomalderen, særleg Frankrike. Namnet er truleg avleidd frå det germanske Reginhard, men sjølve figuren verker å ha hatt opphavet sitt i franske folkeminneforteljingar. Han kan òg ha vore påverka av Æsops fablar og dei romerske Faudrus eller Fædrus-samlingene. Ein tysk klerk som heitte Nivardus skreiv i 1148 eit latinsk dikt, Isengrimus, der han omskapte ein kort fabel til eit langt satirisk dikt om forholda i samtida, særleg munkevesenet. Ulven Isengrim opplever mykje, og kvart dyr står for bestemte dygder eller laster. Noko før, i 1175, hadde Pierre de Saint-Cloud skrive ein fransk versjon av denne forteljinga, Roman de Renart eller Reveromanen. Her tyder «roman» ein tekst som er overført og omdikta frå latin til fransk, og ikkje roman i den moderne tydinga. Han bestod av forteljingar på vers. Hovudpersonen er ein rev som heiter Renart, og forteljinga blei så populær at Renart òg blei eit namn som viste til rev (synonymt med goupil på gammalfransk).[10]

Renart er blitt kalla til hoffet til kong Edel, eller Leo, løva, for å forsvara seg mot tiltalar som er blitt retta mot han av ulven Isengrim. Andre menneskeliknande dyr er bjørnen Bruin, eselet Baldwin og katten Tibert som alle freistar å overlista kvarandre. Forteljingane er alle satirar mot aristokratiet og presteskapet, noko som gjer Renart til bondestanden sin helt, eller luring, men fyrst og fremst er forteljingane parodiar på dei høviske kjærleiksskildringane i riddarromanane.

Ei forteljing som representerer luringtemaet er når Renard besøker ulvehòla der Isengrim si kone Hersant er åleine heime. Hjå Nivardus er ho den trufaste hustrua, men hjå Saint-Cloud blir ho forført av reven, noko som skaper vondt blod mellom reven og ulven. Isengrim stemnar Renard for hoffet til kongen, skulda for hor, og heile hoffet blir spurt om meininga si.

Prærieulven endre

Prærieulvmyten er utbreidd i fleire urfolkskulturar i Nord-Amerika. Prærieulven er eit allestadsnærverande vesen, og kan kategoriserast i mange typar. I skapingsmytar opptrer prærieulven som skaparen sjølv, men på same tid kan han vera bodbringaren, kulturhelten, luringen og tåpen. Han kan òg ha evna til å forvandla seg sjølv. I nokre forteljingar er han ein kjekk og ven ung mann, i andre er han eit dyr; andre presenterer han som ei heilag makt. Ifølgje overleveringar frå crowfolk og andre stammar frå dei store slettene i USA, Great Plains, er «gammalmanns-prærieulven» (Old Man Coyote) sjølve skaparen: «Han gav namn til bisonen, hjorten, elgen, antilopa og bjørnen. Alle desse kom inn i tilveret.» I slike mytar er prærieulv-skaparen aldri nemnt som eit dyr, og han kan møta dyremotparten sin prærieulven: dei kan adressera kvarandre som «eldre bror» og «yngre bror», og gå og snakka saman. Ifølgje Aka Hultkranz er framstillinga av prærieulven som skaparen eit resultat av eit tabu, ei mytisk erstatning av ei religiøs førestilling av Den store ånda, som har eit namn som var for farleg og/eller heilag til å bli nytta utanfor ein særeigen seremoni.

Som kulturhelt opptrer prærieulven i ulike mytiske tradisjonar. Dei viktigaste heroiske attributtane hans er forvandling frå eit vesen til eit anna, reise, store dådar og makt. Han kan endra straumen i elvane, stå på toppen av fjell, skapa nye landskap og gje heilage gjenstandar til menneska. I tillegg er tradisjonen der prærieulven slåst mot uhyre. Etter tradisjonen til wascofolk var prærieulven helten som kjempa mot og drap Tordenfuglen, menneskemordaren, men han greidde det berre ved hjelp av Den store ånda: Prærieulven freista så godt han kunne, slåst hardt og hadde fasta i ti dagar før kampen, slik han var rådd til av Den store ånda. I mange wasco-mytar er prærieulven ein rival av ramnen (kråka) om same prøvar: i nokre forteljingar oppstod fossen Multnomah Falls på grunn av innsatsen til prærieulven, i andre forteljingar er det på grunn av ramnen. I nokre forteljingar er prærieulven ein edel luring, men i andre forteljingar er han vondskapsfull.

Luringen som arketyp endre

 
Askeladden og trollet.

Luringen er eit døme på ein jungiansk arketype (ursymbol). I moderne litteratur overlever luringen som ein karakter-arketype, ikkje nødvendigvis overnaturleg eller guddommeleg, av og til ikkje meir enn ein generell figur.

I seinare folkeminne er luringen inkarnert eller lekamleggjort til ein listig, dyktig og vondsinna mann eller vesen som freistar å overleva farane eller utfordringane i verda ved hjelp av lureri og bedrageri som forsvaret sitt. Til dømes finst det mange typiske eventyr som har ein konge som ønsker å finna den beste brudgommen til dottera si ved å kunngjera fleire prøvar eller konkurransar. Ingen modig og tappar prins eller riddar klarer å vinna konkurransen eller koma gjennom prøvane før ein fattig og enkel bondegut kjem til. Ved hjelp av det gode vitet sitt og dugleik i staden for rå kraft klarer han å vika unna eller lura uhyre, kjemper og skurkar og farar på uortodokst vis. Derfor er det den mest usannsynlege kandidaten som kjem seg gjennom prøvane og mottar løna, gjerne prinsessa og halve kongeriket.

Eit døme på ei slik luring finst i norske folkeeventyr i figuren Espen Askeladd eller Oskefisen. I eventyra verker det som om oske som symbol er det tilsynelatande enkle og mindreverdige, men som viser seg å innehalda det edle og kloke, till dømes i eventyret om Askeladden som sjal sølvtennene til trollet.[11] Som Oskepott har Oskefisen den lågaste sosialt statusen ved å vera den som passar eldstaden. Oske kan ha rike assosiasjonar: elden er kjelda til livet, det knyter òg eit jordsamband og audmjuke, men oske kan òg symbolisera sorg, noko som også blir funne igjen i Grimm-brørne sin Oskepott-versjon der heltinna sørgar over døden til mora si.[12]

Luringen er ein varig arketyp som har kryssa mange kulturelle grenser og opptrer i ei rekkje sjangrar i populærkulturen. Andre tilsvarande figurar er Aladdin, og meir moderne figurar i film som Snurre Sprett (Bugs Bunny) og Landstrykaren (The Tramp, Charlie Chaplin).

Litterære roller endre

 
Brer Rabbit, den opprørske haren har ein draum, 1881

Moderne afroamerikansk litterær kritikk har gjort luringfiguren til eit døme på korleis det er mogleg å kjempa mot eit undertrykkande system innanifrå. Gjennom lang tid har afroamerikansk litteratur vore undervurdert av fleirtalet innan den amerikanske litterære kritikken, medan forfattarane av han likevel var plikta til å nytta språket og retorikken til det same systemet som forviste afroamerikanarar og andre minoritetar til den utstøytte posisjonen som «dei andre». Det sentrale spørsmålet var korleis ein kunne kjempa mot eit system ved hjelp av ord som var skapte og definerte av undertrykkarane. Som Audre Lorde forklarte var problemet at «reiskapan til herren (kunne) aldri kan riva ned huset til herren».[13]

I skriftene sine på slutten av 1980-talet presenterte Henry Louis Gates, Jr. konseptet «signifyin(g)» (‘beteiknande, vise, gje til kjenne). Han hevda at huset til herren kunne rivast med reiskapane til herren om desse blei nytta på nye eller på ukonvensjonelle måtar. For å demonstrera denne prosessen siterte Gates samhandlinga funnen i afrikansk forteljande poesi om luringen, her i striden mellom apen og undertrykkeren hans løva.[14] Ifølgje Gates er apen den funksjonelle ekvivalenten til luringfiguren i den afrikanske jorubareligionen.[15] Løva fungerer som ein autoritetsfigur i den klassiske rolla si som kongen til jungelen. Løva er den som kommanderer apen, men likevel er det mogleg for apen å overlista løva i desse forteljingane ved bruken sin av figurativt språk.[16]

 
Brer Rabbit og Tar Baby, sistnemnde var T. S. Eliots dekknamn i ei brevveksling med Ezra Pound.

I denne tradisjonen har kritikarar sidan Gates forfekta ein annan populær afroamerikansk folkeleg luringfigur, Brer Rabbit, ein vellystig hare som nyttar ei utspekulert form for språk for å kunna gjera tilsvarande opprørsk og sosial dekonstruksjon. Brer Rabbit er den «kreative måten som slavesamfunnet svarte på undertrykkaren si unnlating av å adressera dei som menneskelege vesen skapt i Guds bilde».[17] Den figurative representanten for dette slavesamfunnet, Brer Rabbit, er helten med ein «skrøpeleg kropp, men med eit avlastande sterkt sinn» som tillét han å «skapa eigne symbol som trassa den perverterte logikken til undertrykkaren».[18] Gjennom det lure og utspekulerte språket sitt overlista Brer Rabbit undertrykkarane sine. Han var ikkje berre personifiseringa av sjølvopphaldsetikken i slavesamfunnet, men også «eit alternativt svar på den falske doktrinen til undertrykkane deira om antropologi».[19]

Også før Gates fanst det analysar av afroamerikanske folkeheltar som dekonstruksjonsagentar for det undertrykkande, hierarkiske systemet. På 1920- og 1930-talet hadde Ezra Pound og T.S. Eliot i ei brevveksling.[20] Begge forfattarane underskreiv breva sine med pseudonym tatt frå Onkel Remus-forteljingane (ei nemning på ei samling afroamerikanske eventyr samla av Joel Chandler Harris). Eliot var «Possum» og Pound var «Tar Baby». Pound og Eliot skreiv begge i den same «afrikanske slave-dialekten» i desse forteljingane. Dette språklege opprøret var ein del av eit samarbeidande opprør mellom Pound og Eliot «mot det litterære etablissementet i London».[19] Sjølv om det ikkje var eit forsøk på å velta systemet freista dei å gje seg sjølv ei ny form for litterær fridom i tradisjonen av luringfigurane i Onkel Remus-forteljingane.

Kjelder endre

  1. Gylfaginning
  2. Trymskvadet
  3. Gylfaginning
  4. Solli, Brit: Seid. Myter, sjamanisme og kjønn i vikingenes tid. Oslo 2002. ISBN 82-530-2403-7. Side 75.
  5. Steinsland, Gro: Norrøn mytologi. Myter, riter, samfunn. Oslo 2005. Side 232.
  6. Zolotarjov 1980: 54
  7. Zolotarjov 180: 40–43
  8. Gylfaginning i Snorre-Edda.
  9. Steinsland, 2005. Side 233
  10. Togeby, Knud: «Europeisk litteratur» i Verdens litteraturhistorie bd. 2 (red. Beyer, Edvard et. al. Oslo 1971. Side 342
  11. Asbjørnsen & Moe, Askeladden som stjal sølvendene til trollet, 1843
  12. Høgh, Carsten: Eventyrleksikon. København 2002 (2. utg. 2004). ISBN 87-621-0329-6. Side 94.
  13. Lorde, Audre: «Age, Race, Class, and Sex», Literary Theory: An Anthology, ved. Julie Rivkin, Michael Ryan (Red ). Oxford: Blackwell Publishing, 2004, side 859.
  14. Gates, Henry: «The Blackness of Blackness: A Critique on the Sign and the Signifying Monkey», Literary Theory: An Anthology, ved Julie Rivkin, Michael Ryan (red.) Oxford: Blackwell Publishing, 2004, side 990.
  15. Ibid., 988-989.
  16. Ibid., 991.
  17. Earl, Jr., Riggins, R.: Dark Symbols, Obscure Signs. Maryknoll, New York: Orbis Books, 1993, side 131.
  18. Ibid., 131.
  19. 19,0 19,1 Ibid., 158.
  20. North, Michael: The Dialect of Modernism: Race, Language, and Twentieth-Century Literature. New York: Oxford University Press, 1994, side 77.

Litteratur endre