Nanda Devi er eit fjell i Himalaya og er med ei høgd på 7 816 moh. det høgaste fjellet i India og det nest høgaste fjell (etter Kantjendjung), og det 23. høgaste fjellet i verda.

Nanda Devi
fjell
Land  India
Fjellkjede Garhwal i Himalaya
Høgd 7 816 moh.
Førstestiging 1936
Koordinatar 30°22′36″N 79°58′15″E / 30.37667°N 79.97083°E / 30.37667; 79.97083
Kart
Nanda Devi
30°22′26″N 79°58′15″E / 30.373888888889°N 79.970833333333°E / 30.373888888889; 79.970833333333
Wikimedia Commons: Nanda Devi

Nanda Devi er eit heilag fjell for hinduane, som ser på det som ei vernande gudinne for Uttarakhand i Himalaya. Fjellet og området kring (Nanda Devi Nasjonalpark) blei erklært som verdsarv-område av UNESCO i 1988.

Toppen blei første gong nådd i 1936 av Noel Odell og Bill Tilman. Det var da den høgaste toppen i verda nådd av menneske, og denne rekorden blei ståande fram til Annapurna I (8091 moh.) i Nepal blei førsteklatra i 1950.

Bakgrunnsstoff

endre