Napier Mountains er ei gruppe av meir eller mindre enkeltståande fjelltoppar. Det høgaste fjellet er Mount Elkins på kring 2300 meter over havet. Denne fjellkjeda ligg i Enderby Land.

Napier Mountains
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Enderby Land
 - koordinatar 66°30′S 53°40′E
Høgaste punkt Mount Elkins
 - høgd 2 300 moh.
 - koordinatar 66°40′00″S 54°09′00″E
Administrert under Antarktistraktaten
Napier Mountains is located in Antarktis
Napier Mountains (Antarktis)

Fjella ligg vest for Cape Boothby, Edward VIII Bay og Edward VIII isbrem og aust for Amundsen Bay. Napier Mountains ligg kring 64 km sør for Cape Batterbee og strekkjer seg 64 km frå nordvest til søraust frå Mount Codrington og omfattar òg Kjerringa og Young Nunataks.

Napier Mountains vart oppdaga i januar 1930 av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) under sir Douglas Mawson. Dei vart namngjevne av Mawson etter John Mellis Napier, ein høgsterettsdommar i Sør-Australia 1924–42. Fjellkjeda vart først vitja av ANARE i 1960.

KjelderEndra

«Mount Elkins». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 1. mars 2013.    Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Napier Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).