Nasebjørnar
Nasebjørnar er medlemmer av halvbjørnfamilien Procyonidae i dei to slektene Nasua og Nasuella som tilsaman utgjer undergruppa Nasuina. Dei er dagaktive pattedyr som høyrer heime i Sør-Amerika, Mellom-Amerika, Mexico og det sørvestlege USA.
Nasebjørnar | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av nasebjørnar | |
Systematikk | |
Klasse: | Pattedyr |
Orden: | Rovpattedyr |
Underorden: | Hundeliknande rovpattedyr |
Familie: | Halvbjørnfamilien |
Stamme: | Procyonini |
Understamme: | Nasuina |
Slekt: | Nasebjørnar Nasua og Nasuella |
Skildring
endreVoksne nasebjørnar i slekta Nasua måler 33 til 69 cm frå hovudet til halerota, og halen kan vere like lang som kroppen. Dei er omtrent 30 cm høge ved skuldra og veg mellom 2 og 8 kg, omtrent på storleik med ein stor huskatt. Hannane kan bli nesten dobbelt så store som hoene og har store, skarpe hjørnetenner. Dei to lite kjende artane av fjellnasebjørnar i slekta Nasuella er langt mindre, Nasuella olivacea har omtrent halve storleiken av kvitnasebjørn.[1]
Alle nasebjørnar har eit slankt hovud med ein lang, fleksibel, litt oppovervend snute, små øyre, mørke føter og ein lang hale som ikkje er gripehale, men blir brukt til balanse og signalering.
Ringhala nasebjørn har anten ein lysebrun eller svart pels, med ei lysare underside og ein kvitstripet hale i dei fleste tilfelle. Nasebjørnar har ein lang brun hale med ringar som kan variere frå klart definerte som hos vaskebjørn til svært svake. Som hos vaskebjørnar går ringane rundt heile halen. Nasebjørnar held ofte halen oppreist; dette blir brukt til å halde grupper av nasebjørnar samla i høg vegetasjon. Halespissen kan rørast litt som hos kattar, men halen fungerer ikkje som gripehale.
Nasebjørnar har bjørne- og vaskebjørnliknande potar og går plantigrad, som vaskebjørnar og bjørnar. Dei har ikkje inntrekkberre klør. Dei kan klatre ned trestammar med hovudet først.
Snuten til nasebjørnen er lang og litt griseliknande. Han er også svært fleksibel og kan roterast opptil 60° i alle retningar.[treng kjelde] Nasebjørnar har sterke lemmer for klatring og graving, og dei har eit rykte for å vere intelligente, som slektningen deira, vaskebjørnen. I motsetning til dei nattaktive vaskebjørnane er dei fleste nasebjørnar dagaktive, sjølv om nokon kan vise katemeral åtferd, aktiv i ulike periodar dag og natt. Dei føretrekkjer å sove eller kvile på høge stader, som i trekronene til regnskogen, i enkelt bygde soveplassar.
Nasebjørnar er altetande og et i stor grad insekt og andre leddyr, men òg vegetabilsk føde.
Verdas naturvernunion IUCN har kategorisert dei to artane i slekta Nasua som livskraftige (LC),[2][3] fjellnasebjørn som nær truga (NT),[4] mens Nasuella meridensis er vurdert som sterkt truga, (EN).[5]
Habitat og utbreiing
endreNasebjørnar er vidt utbreidde og kan leve i habitat som strekkjer seg frå varme, tørre område til den fuktige regnskogen i Amazonas eller til og med kalde Andesfjellskråningar, inkludert graslettar og krattområde. Den geografiske utbreiinga deira strekkjer seg frå det sørvestlege USA (sørlege Arizona, New Mexico og Texas) til Nord-Uruguay.
Artsliste
endreI lista under er nasebjørngruppa delt inn i to slekter. Fleire har argumentert for at alle fire bør reknast i same slekta, Nasua.[6] Artsliste med norske namn etter Verdens dyr:[7]
- Slekt Nasua
- Ringhala nasebjørn eller sørleg nasebjørn, Nasua nasua
- Kvitnasebjørn, Nasua narica
- Slekt Nasuella
- (manglar norsk namn) engelsk Eastern mountain coati, Nasuella meridensis
- Fjellnasebjørn, Nasuella olivacea
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Coati» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2024. Artikkelen gav følgjande kjelder:
- Referansar
- ↑ Hogue, Tauno Nasuella olivacea Mountain coati. Animal Diversity Web at University of Michigan
- ↑ Cuarón, A.D.; Helgen, K.; Reid, F.; Pino, J.; González-Maya, J.F. (2016). «Nasua narica». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T41683A45216060. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T41683A45216060.en. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ Emmons, L.; Helgen, K. (2016). «Nasua nasua». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T41684A45216227. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T41684A45216227.en. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ González-Maya, J.F.; Reid, F.; Helgen, K. (2016). «Nasuella olivacea». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T72261737A45201571. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T72261737A45201571.en. Henta 19 November 2021.
- ↑ González-Maya, J.F.; Arias-Alzate, AAA (2016). «Nasuella meridensis». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T72261777A72261787. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-1.RLTS.T72261777A72261787.en. Henta 17. oktober 2024.
- ↑ Ruiz-García, Manuel; María F. Jaramillo; Juan B. López; Yudrum Rivillas; Aurita Bello; Norberto Leguizamon; Joseph M. Shostell (2021). «Mitochondrial and karyotypic evidence reveals a lack of support for the genus Nasuella (Procyonidae, Carnivora)}». Journal of Vertebrate Biology (Institute of Vertebrate Biology, Czech Academy of Sciences) 71: 21040.1. doi:10.25225/JVB.21040.
- ↑ Verdens dyr. Oslo: Den norske Bokklubben. 1985. s. 102. ISBN 8202090970.