Natalja Sadova

Natalja Ivanovna Sadova, fødd Koptjukh, (fødd 15. juli 1972) er ein russisk tidlegare diskoskastar frå Gorkij som vann gullmedaljen i Sommar-OL 2004. Ho vann elles fire sølvmedaljar i ulike EM, OL og VM, samt ein VM-bronse, alle medaljane vunne i tida 1996-2005.

Natalja Sadova
Verkeleg namn Наталья Ивановна Садова
Statsborgarskap Russland
Fødd 15. juni 1972
Nizjnij Novgorod
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

I 2001 vart Sadova tildelt gullmedaljen i VM i friidrett 2001, men etter ein ny test av urinprøva mista ho medaljen i 2005.

AktivEndra

Sadova fekk sitt store gjennombrot under Sommar-OL 1996 i Atlanta. Med eit bestekast på 66,48 m vann ho sølvmedaljen i diskokasting, men var over tre meter bak den suverene vinnaren, tyske Ilke Wyludda. Etter ein VM-bronse i 1997, fekk Sadova ein ny sølvmedalje ved EM 1998, atter vart ein tysk utøvar, no Franka Dietzsch, hennar overkvinne. 23. juni 1999 presterte Sadova sitt livs lengste diskoskast i Tessaloniki, diskosen landa på 70,02 meter. Både under VM 1999 og Sommar-OL 2000 enda ho på fjerdeplass.

Sadova slengde diskosen heile 68,57 m då VM 2001 fann stad i Edmonton. Det var det lengste kastet i tevlinga og fekk tildelt diskos-gullet, men fire år seinare vart ho fråteken gullmedaljen etter at testen var positiv på bruk av koffein. I 2002 kjempa ho om EM-tittelen i diskokasting, og kom 19 cm for kort, målt mot greske Ekaterini Voggoli.

To år seinare lukkast Sadova å vinne gullmedaljen i diskokasting ved sommarleikane i Aten. Som under EM 2002 var ei gresk kvinne hennar sterkaste utfordrar. Sadova tok leiinga i fyrste omgang med 64,78 m. I andre gong tok tsjekkiske Věra Pospíšilová over leiinga etter eit kast som målte 66,08 m. Så smelte greske Anastasia Kelesidou til med 66,68 m i tredje omgang, og Sadova fall ned til tredjeplass. Etter fjerde omgangen var rekkefølgja uendra for dei fem beste i tevlinga, men i femte omgang fekk Sadova fullklaff med 67,02 m og olympisk siger.

Ved VM 2005 i Helsinki enda Sadova på sølvplassen bak Franka Dietzsch, nett som under EM 1998. Etter å ha vore utestengd i to år for bruk av dopingmiddel, var ho «milevidt» unna finaleplass då ho deltok i Sommar-OL 2008. Langt betre gjekk det under VM 2009 og EM 2010; ho vart nummer verdsmeiserskapen og kom på fjerdeplass i EM i Bareclona.

DopingEndra

Sadova vart i 2006 stengd ute frå tevla i to år, etter å ha testa positivt på anabole steroidar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra