Reflekterande basseng
Reflekterande basseng, òg kalla vasspegel, er ein konstruksjon som ofte vert nytta ved minnesmerke. Det består typisk av eit grunt basseng med vatn som vanlegvis er stilleståande. Eit reflekterande basseng er gjerne meint å skapa høgtid og refleksjon.
Reflekterande basseng stammar frå persiske hagar. Dei kan vera så små som eit fuglebad og så store som ein open plass.
Nokre kjende refleksjonsbasseng er:
- The King Center i Atlanta, Georgia til minne om Martin Luther King jr.
- Oklahoma City National Memorial, åstad for Oklahoma City bombing
- Mellom Lincoln Memorial og Washington Monument i Washington, DC
- Ved University of Notre Dame, under Hesburgh Library of Christ the Teacher.
Galleri
endre-
Reflekterande basseng ved University of Western Australia
-
The North Reflecting Pool ved National September 11 Memorial and Museum i skumringa ved World Trade Center i New York
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Reflekterende basseng» frå Wikipedia på bokmål, og «Reflecting pool» frå Wikipedia på engelsk den 18. oktober 2014.