Nattjazz i Bergen er ein av dei største og mest vitja jazzfestivalane i Noreg. Festivalen går føre seg i slutten av mai kvart år, samstundes med Festspillene i Bergen. Programmet er gjerne allsidig, og kan femne om alt frå tradisjonell jazz til det som kan karakteriserast som moderne jazz i brytninga mellom jazz, rock, elektronika og folkemusikk. I jazztradisjonen er det særleg bebop, hard bop, jazz rock og funk som vert presentert. I tillegg til vert det halde eit sterkt fokus på norsk og europeisk frijazz.

Frå Nattjazz 2017: EGO med Thomas T. Dahl, Einar Sogstad, Anders Bitustøyl, Audun Humberset og Øyvind Skarbø

Natttjazz vart arrangert for fyrste gong i 1972, og har frå 1993 har hatt tilhald på USF Verftet. Tidlegare vart Håndverkeren (no nedlagt) og deretter Studentsenteret på Universitetet nytta.

På USF Verftet er normalt tre lokale i bruk, og publikum kjøper billett til huset, ikkje til dei einskilde konsertane. Det er vanlegvis fleire artistar på kvar scene i løpet av ein kveld. Dei tre lokala, Røkeriet med plass til 1250 tilhøyrarar, Sardinen med plass til 400-500 og Studio USF med plass til 140-200, har òg servering. Namna Røkeriet og Sardinen syner til at USF Verftet er ein tidlegare hermetikkfabrikk.

Bakgrunnsstoff endre