Naustdal kyrkje

kyrkje i Sunnfjord kommune i Sogn og Fjordane

Naustdal kyrkje står i Naustdal sentrum i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891.

Naustdal kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Naustdal
Fellesråd Sunnfjord
Type Langkyrkje
Arkitekt Adolf Schirmer
Material Tre
Innvigd 9. september 1891
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 650
Kart
Naustdal kyrkje
61°30′32″N 5°43′00″E / 61.5089°N 5.7167°E / 61.5089; 5.7167
Wikimedia Commons: Naustdal kyrkje
Naustdal kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Naustdal kyrkje
Kyrkja ligg i Naustdal sentrum.

Bygget er teikna av arkitekt Adolf Schirmer og rommer 650 personar, noko som gjer henne til den største kyrkja i Sunnfjord prosti.[1]

Dagens kyrkje erstatta ei steinkyrkje frå kring 1150 som var vorten for lita. Steinkyrkja i Naustdal var mellom dei aller siste mellomalderkyrkjene i Noreg som vart rivne. Korbogen i kleberstein frå gamlekyrkja vart teken vare på og står som port i muren kring kyrkja og kyrkjegarden, medan altartavla frå 1675 og preikestolen frå 1671 er i Bergen Museum.[2]

Preikestolen og døypefonten som er i kyrkja er frå 1891. Altartavla viser trøystaren Kristus og er ein kopi etter Carl Bloch. Ein veit ikkje kven som har måla kopien.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Naustdal sokn i Sunnfjord prosti.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre