Navlestreng
strengliknande struktur mellom foster og morkake
(Omdirigert frå Navlesnor)
Navlestreng (funiculus umbilicalis på latin) er sambandet mellom morkake og foster under graviditet.. Navlestrengen sørgar for at fosteret får nok næringsstoff og oksygen. Hjå menneske er han om lag 50 cm lang, og blir klypt av etter at fødselen er overstått. Stubben som står att turkar ut og fell av om lag ei veke etter fødselen, og navlen kjem til syne.
Straumen av blod gjennom navlestrengen er om lag 35 ml / min 20 veker ut i svangerskapet og 40 ml / min etter 40 veker.
Under graviditeten hender det at fosteret kjem i klem frå navlestrengen, av og til ligg navlestrengen rundt nakken på fosteret. Det hender også at det oppstår knute på navlestrengen og fosteret kan få mindre næring.
- Denne artikkelen bygger på «Umbilical_cord» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2013.