NeXT computer
NeXT computer (òg kalla NeXT Inc. eller NeXT Computer Inc. og NeXT Software Inc.) var eit dataføretak i USA som spesialiserte seg på arbeidsstasjonar til bruk i høgare utdanning og forretningsverksemd, og seinare på programvare. Det blei skipa av Steve Jobs i 1985, etter at han var blitt tvinga ut frå Apple Computer, som han hadde vore med på å grunnleggja, same året.[1][2] NeXT gav ut NeXT Computer i 1988, og så NeXTcube og den mindre NeXTstation i 1990.
NeXT computer | |||
| |||
| |||
Bransje | Maskinvare, programvarebransje | ||
---|---|---|---|
Skipa | 20. juni 1985 | ||
Eigar | Steve Jobs | ||
Land | USA | ||
Produkt | NeXT Computer, NeXTcube, NeXTcube Turbo, NeXTstation, NeXTSTEP | ||
Grunnleggjar(ar) | Steve Jobs | ||
Adm.dir. | Steve Jobs | ||
Nettstad | https://web.archive.org/web/19970412194822/http://www.next.com/ |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «NeXT» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2023.