Neal Matthews jr.
amerikansk songar
(Omdirigert frå Neal Matthews)
Neal Matthews jr. (26. oktober 1929–21. april 2000) var ein amerikansk vokalist. Han vart kjend som ein del av The Jordanaires, ei korgruppe som song for mange countryartistar, mellom andre Elvis Presley.
Neal Matthews jr. | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 26. oktober 1929 Nashville |
Død | |
Yrke | songar |
Som medlem av The Jordanaires arbeidde han med artistar som Patsy Cline, Red Foley, Johnny Horton, Ferlin Husky, Jim Reeves og George Jones. Gruppa song òg for popartistar som Steve Lawrence og Eydie Gorme, Connie Francis og Julie Andrews. Dei er derimot mest kjend som korgruppe for Elvis Presley i 15 år.
Matthews døydde av hjarteinfarkt 70 år gammal. Som ein del av The Jordanaires vart han i 2001 posthumt innlemma i Country Music Hall of Fame.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Neal Matthews» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: