Rovfuglar
Rovfuglar er fuglar som i regelen jaktar føde i flukt eller med åtak frå lufta, med hjelp av spesialiserte sansar, særskilt synssansen. Dette er fuglar som jaktar virveldyr, inkludert andre fuglar. Klørne og nebba har tendens til å vere relativt store, kraftige og tilpassa for oppriving av kjøt. I dei fleste tilfella er hoene monaleg større enn hannane. På grunn av levesettet, ofte på toppen av næringskjeda, står dei overfor ulike trugsmål.
Mange fugleartar kan sjåast på som delvis eller utelukkande predatoriske, men som omgrep i ornitologi gjeld rovfugl berre ei avgrensa mengd fuglefamiliar som lista nedanfor.
Definisjon
endreI vidaste tyding kan rovfuglar omfatte fuglar som jaktar og lever av dyr, òg dei som et svært små insekt.[1] Innanfor ornitologien, og definisjonen brukt her, har omgrepet ei smalare tyding: fuglar som har svært god synssans for å lokalisere byttedyr, sterke føter for å halde byttet og eit sterkt, bøygd nebb for å rive kjøtet.[2] Dei fleste rovfuglane har òg sterke, kurva klør for å fange eller drepe byttedyr.[2] Rovfuglar tar i regelen virveldyr som vanlegvis er ganske store i høve til storleiken på rovfuglen.[1] Dei fleste et òg åtsel, særleg har gribbar og kondorar kadaver som viktigaste matkjelde.[2] På dette viset utelukkar den smalare definisjonen storkar og måsar som kan ete ganske store fiskar, blant anna fordi desse fuglane fangar og drep byttet heilt med nebbet.[1] Tilsvarande ekskluderer dette joar som tar fuglar, pingvinar som et fisk, og virveldyretande kokaburraer.
I skriftleg faglege framstillingar, inkludert på norsk, er uglene ikkje alltid rekna som del av omgrepet rovfuglar. I 2019 publiserte ei gruppe forskarar ein artikkel med framlegg om å inkludere ugler (Strigiformes) og seriemaer (Cariamiformes). Artikkelen diskuterer verde av presis og overeins terminologi, og konkluderer med ein definisjon som legg vekt på evolusjonær historie, fylogeni, meir enn morfologi og økologi for å definere omgrepet.[3] Den nye definisjonen er referert i Store norske leksikon.[4]
Skildring
endreDagaktive og nattaktive rovfuglar har sterke bein og føter med rovklør og ei kraftig bakklo. Nesten alle er kjøtetande, dei jaktar med synet i dagslys eller i tussmørker. Dei kan ha særs lang levetid, og dei fleste har låg reproduksjonsrate.
Rovfuglungar veks særs fort fram til dei er flygedyktige, deretter får dei mat ved reiret i tre–åtte veker etter første flygeturen. Det tar frå eitt til tre år før dei er forplantingsdyktige. Kjønna har tydeleg ulik storleik, hos somme artar kan hoer ha over dobbelt vekt av hannen si vekt. Meir typisk er hannen ein tredel under storleiken til hoer. Kjønnsdimorfismen er vanlegvis mest ekstrem hos spesialiserte fugleetarar, som haukane i slekta Accipiter, men han vere heilt fråverande hos gribbar. I hovudregelen er rovfuglar monogame, dei kan finne ny partnar om den gamle døyr.
Rovfuglane
endreEtter definisjonen over blir følgjande familiar av fuglar rekna med i omgrepet rovfuglar på norsk:
Ordenen haukefuglar
- kondorfamilien, Cathartidae, sju artar kondorar i Amerika, inkludert andeskondor
- fiskeørnfamilien, to artar, fiskeørner, på alle kontinenta på jorda unntatt Antarktis
- haukefamilien, Accipitridae med 255 artar av haukar, glentar, gribbar, våkar, ørner, kjerrhaukar og vepsevåkar
- sekretærfuglfamilien, Sagittariidae, ein art, sekretærfugl, i Afrika
Ordenen ugler
- tårnuglefamilien, Tytonidae er ei gruppe på 20 artar, vidt spreidd, men finst ikkje i store delar av Asia
- uglefamilien, Strigidae er over 210 små til mellomstore predatorar med kosmopolitisk utbreiing
Ordenen seriemaer
- seriemafamilien, Cariamidae: To store artar som lever i sentrale og austlege Sør-Amerika, dei einaste gjenlevande etterkommarar av dei utdøydde «terrorfuglane» (Phorusrhacidae) som kunne bli opptil tre meter høge
Ordenen falkefuglar
- falkefamilien, Falconidae, med totalt 63 artar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger delvis på «Bird of prey» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2011
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Burton, Philip (1989). Birds of Prey. illustrated by Boyer, Trevor; Ellis, Malcolm; Thelwell, David. Gallery Books. s. 8. ISBN 0831763817.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Perrins, Christopher, M; Middleton, Alex, L. A., red. (1984). The Encyclopaedia of Birds. Guild Publishing. s. 102.
- ↑ Christopher J. W. McClure, Sarah E. Schulwitz, David L. Anderson, Bryce W. Robinson, Elizabeth K. Mojica, Jean-Francois Therrien, M. David Oleyar, og Jeff Johnson "Commentary: Defining Raptors and Birds of Prey," Journal of Raptor Research 53(4), 419-430, (11. november 2019). https://doi.org/10.3356/0892-1016-53.4.419
- ↑ «rovfugler» i Store norske leksikon, snl.no.