Nebukadnesar II av Babylon

Nebukadnesar II (fødd ca. 634, død 562 f.Kr.) var konge av Babylon frå ca. 605 til ca. 562 f.Kr. Monarken er ein av dei meste kjende herskarane i Det nybabylonske riket, der styret til Nebudkanesar var det lengste og mektigaste.[1][2] Han er kjend for erobringane av Judea og Jerusalem og det monumentale palasset i hovudstaden Babylon. Herskaren er blitt omtalt som «Nebukadnesar den store», men fordi øydelegginga av tempelet i Jerusalem og bortføringa av jødefolket stiller han i eit dårleg lys i bibelforteljingane i Det gamle testamentet, er tilnamnet mindre brukt.

Nebukadnesar II av Babylon
Nebukadnessar II.jpg
Akkadisk𒀭𒀝𒆪𒁺𒌨𒊑𒋀, dNabû-kudurri-uṣur, i tydinga 'Nebo, vern min førstefødde son'
Hebraiskנְבוּכַדְנֶאצַּר, Neḇukáḏné’ṣār
Fødd627 f.Kr.
FødestadBabylon
Død560 f.Kr.
DødsstadBabylon
Gift medAmytis of Media
FarNabopolassar
BornAmel-Marduk, Eanna-szarra-usur

Liv og virkeEndra

 
Bygningsinskripsjon frå kong Nebukadnesar II på Istarporten. Eit utdrag: Eg (Nebukadnesar ) la fundamenteringa av portane ned til grunnvatnet og fekk dei bygga av rein, blå stein. På veggene i det indre rommet til porten er det oksar og drakar som eg utstyrte storslått med luksuriøs utsmykking slik at alle menneske skal møta meg med ærefrykt.

Nebukadnesar var den eldste sonen og etterfølgjaren etter Nabopolassar, som frigjorde Babylon frå avhengnad under Assyria og la Ninive i ruinar. Han gifta seg med dottera til Kyaxares og sameinte slik dei mederiske og babylonske dynastia.

Då faren Nabopolassar døydde 15. august 604 f.Kr. på eit sigerrikt felttog mot den egyptiske kongen Necho II der Naboplassar gjenerobra Syria og Fønikia, drog Nebukadnesar tilbake til Babylon for å la seg krona.

Nebukadnesar deltok i ei rekkje militære felttog med sikte på å auka Babylon sin innverknad i området, særleg Syria og Judea. Han erobra Jerusalem i 597 f.Kr. og førte med seg kong Jojakin til Babylon. Nebukadnesar erobra Jerusalem ein gong til i 586 f.Kr., og denne gongen øydela han både byen og tempelet og førte med seg ei rekkje framståande jødiske leiarar til Babylon. Denne hendinga er omtalt i Bibelen.

Ei leire-brikke som no er i British Museum har følgjande inskripsjon knytt til Nebukadnesar sine krigar: «I Nebukadnesars, kongen over landet Babylon, trettisjuende år, reiste han til Mitzraim (Egypt) for å gå til krig. Amasis, konge over Egypt, samla [hæren] og marsjerte ut av landet.»

Etter desse vellukka feltoga, vende Nebukadnesar tilbake til Babylon og sette i verk ei omfattande byggeverksemd. Denne omfatta blant anna kanalar, akveduktar og vassreservoar og ikkje minst ei rekkje praktfulle byggverk som eit palass, byporten Istarporten, Babels tårn og dei såkalla hengjande hagane i Babylon. Det er usikkert om Babels tårn er det praktfulle tempeltårnet i Babylon (Etemenanki), eller om historia om Babels tårn var frå før Nebukanesar si tid skildra i 1.Mos 11. No er den breie semja om at Mosebøkene blei redigerte i tida rundt judearane sitt eksil i Babylon, så tempeltårnet kan vera bakgrunn for forteljinga.

Nebukadnesar døydde i oktober 562 f.Kr., då han var 83 eller 84 år, og hadde sete ved makta i 43 år. Han blei etterfølgd av sonen Evilmerodak, og deretter av svigersonen Neriglissar 559-555 som igjen blei følgd av Nabonidus 555-538. Det store riket til Nebukadnesar forfall raskt etter at han forsvann.

 
Relieff frå Babylon med gåande løve frå Nebukadnesar II si regjeringstid

Nebukadnesar i Det gamle testamentetEndra

Då Nebukadnesar erobra Jerusalem i 597 f.Kr. og øydela byen ni år seinare, tok han med store delar av folkesetnaden i Judetil fangenskap i Babylon for å sikra at landet ikkje skulle kunna koma attende. Dette babylonske fangenskapet er skildra i kapittel 24–25 i Andre Kongebok i Det gamle testamentet. Daniels bok fortel at kongen tek til fange profeten Daniel og tre andre unge jødar, Hananja, Misjael og Asarja for å gjera teneste ved slottet til kongen og at Daniel blir drømmetydar ved hoffet.[3][4] Det blir òg fortald om korleis Nebukadnesar kastar dei tre gudfryktige mennene Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego (tidlegare Hananja, Misjael og Asarja) i ein brennande omn fordi dei ikkje vil tilbe ein statue av han, men utan at dei blir fortærte eller skadde av elden og at kongen ser ein fjerde person som han omtalar som ein gudeson er saman med dei tre mennene i omnen.[5]

Nebukadnesar, som viser stoltheit over sitt eige rike, og ikkje gjev Gud æra, blir straffa til å eta gras og leva som eit vilt dyr i sju år utan samvær med andre menneske.[6]

Nebukadnesar i seinare kulturEndra

Nebukadnesar er hovudperson i operaen Nabucco av Giuseppe Verdi frå 1842. Det er òg namnet på eit skip Matrix-filmtrilogien.

KjelderEndra

Referansar
  1. Freedman, David Noel (2000): «Nebuchadnezzar», i: Freedman, David Noel; Myers, Allen C., red.: Eerdmans Dictionary of the Bible. Eerdmans. ISBN 9789053565032, s. 953.
  2. «Nebuchadnezzar II», Ancient.eu
  3. Nettbibelen: Daniels bok 1:3-6
  4. Nettbibelen: Daniels bok 1:17
  5. Nettbibelen: Daniels bok 3:1-30
  6. Nettbibelen: Daniels bok 4:25-33

LitteraturEndra