Fredrikstad Domprosti

(Omdirigert frå Nedre Borgesyssel prosti)

Fredrikstad Domprosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Fredrikstad og Hvaler. Sidan prostiet er knytt til Fredrikstad domkyrkje, er det leia av ein domprost.

Fredrikstad Domkyrkje, bispesete, domprostsete og fyrtårn.

Før Borg bispedøme vart oppretta heitte prostiet Nedre Borgesyssel prosti.[1]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Det er 11 sokn i prostiet (2014), eitt i Hvaler, ti i Fredrikstad.

Sokn Kyrkje(r)
Borge sokn i Borg Borge kyrkje, Kjølstad kyrkje
Fredrikstad Domkyrkje sokn Fredrikstad Domkyrkje
Gamle Glemmen sokn Gamle Glemmen kyrkje
Glemmen sokn Glemmen kyrkje
Gressvik sokn Gressvik kyrkje
Hvaler sokn Hvaler kyrkje, Spjærøy kyrkje
Kråkerøy sokn Kråkerøy kyrkje
Onsøy sokn Onsøy kyrkje
Rolvsøy sokn Rolvsøy kyrkje
Torsnes sokn Torsnes kyrkje
Østre Fredrikstad sokn Østre Fredrikstad kyrkje

Prestegjeld

endre

Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Fredrikstad Domprosti desse prestegjelda:

Sjå òg

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre

59°12′33″N 10°56′32″E / 59.20917°N 10.94222°E / 59.20917; 10.94222