Neidenfjorden

fjord i Sør-Varanger kommune i Finnmark

Neidenfjorden er ein delfjord av Kjøfjorden, ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6,5 km sørvestover til starten på Munkefjorden i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Braselvneset i vest og Buholmen i aust. Det ligg enkelte gardsbruk på begge sider av fjorden, men primært austsida der mellom anna den vesle grenda Stonga ligg. Fjorden endar i sør ved munningen til Neidenelva som kjem ut på vestsida ved Mikkelsnes.

E6 går langs austsida av fjorden.

69°43′19.751″N 29°37′18.793″E / 69.72215306°N 29.62188694°E / 69.72215306; 29.62188694