Kjøfjorden
Kjøfjorden (nordsamisk Njávdánvuotna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 32 km sørvestover til Munkefjord i botn av Munkefjorden.
Kjøfjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Varangerfjorden | ||
![]() Kjøfjorden 69°52′41″N 29°46′32″E / 69.878039°N 29.775619°E |
Fjorden har innløp mellom Čoahkenjárga i vest og Kjøøya i aust. Den ytste halvdelen av fjorden går langs vestsida av Skogerøya. Det ligg berre spreidde busetjingar langs denne delen av fjorden og ingen av dei har vegsamband. Her er Spurvfjorden ein liten fjordarm på vestsida. Der Skogerøya endar og fjorden går innover fastlandet vert han stundom kalla Neidenfjorden. Her er det litt tettare busetnad på autsida av fjorden, og på vestsida munnar Neidenelva ut i fjorden. Munkefjorden er den inste delen av Kjøfjorden frå Neidenelva og sørover til Munkefjord.
E6 går langs austsida av fjorden.