Nenetsarar

(Omdirigert frå Nenetsar)

Nenetsarar, som tidlegare vart kalla jurakar og juraksamojedar, er eit urfolk som held til på den vestlege delen av den russiske taigaen, særleg i Nenetsia og Jamalo-Nenetsk i Russland. Nenetsarane er eit samojedisk folk, og den viktigaste næringsvegen deira er reindrift.

Ein nenetsisk-familie i teltet sitt (mjaq).
Kart over utbreiinga til uralske folkegrupper

Dei aller fleste nenetsarane held til i nord, på tundraen, og snakkar tundranenetsisk. Viss det blir referert berre til «nenetsisk» er det som regel tundranenetsisk det blir referert til. Den andre gruppa held til i taigabeltet vest i Sibir, dei snakkar skogsnenetsisk.

Nenetsarane er, attmed evenkiane, den største urfolksgruppa i dei russiske nordområda, og dei er dei som har bevart språket sitt lengst.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nenetsarar
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.