Den neotropiske regionen
(Omdirigert frå Neotropiske)
Den neotropiske regionen eller neotropis er ein av dei åtte regionane kloten vert delt opp i innanfor biogeografien. Han omfattar Sør- og Mellom-Amerika, dei karibiske øyene og sørspissen av Florida, og er den regionen som har dei største områda med tropisk regnskog. I tillegg har området store areal med fjell og stepper.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6a/Ecozone_Neotropic.svg/220px-Ecozone_Neotropic.svg.png)
Mellom plantane som opphavleg kjem herfrå kan me nemna poteten og tomaten. Den endemiske faunaen inkluderer gomlarar (maurslukarar, beltedyr og dovendyr), vestaper, marsvinliknande gnagarar og pungrotter.