62°20′24″N 5°36′23″E / 62.33991°N 5.606464°E / 62.33991; 5.606464

Nerlandsøybrua

Typevegbru, Bjelkebru
Opna25. september 1968
StrekningFylkesveg 5878
Lengd405 meter
Største spenn40 meter
KryssarSøre Vaulen
Materialebetong
Kart
Nerlandsøybrua
62°20′30″N 5°36′07″E / 62.34152778°N 5.60194444°E / 62.34152778; 5.60194444

Nerlandsøybrua er ei bru mellom Bergsøya og Nerlandsøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal.

Nerlandsøybrua vart offisielt opna 25. september 1968, same dagen som Remøybrua, sjølv om Nerlandsøybrua var seinare ferdig. Grunnen til dette var at bruene var del av det same finansieringsprosjektet. Nerlandsøybrua vart påbyrja seinare, men vart først og fremst forsinka grunna sterke stormskader to gongar vinteren i førevegen.

Brua er ein del av fylkesveg 20, og kryssar Søre Vaulen, frå Igesund på Bergsøya til Kvalsund på Nerlandsøya. Brua er 430 meter lang.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nerlandsøybrua
  Denne Møre og Romsdalartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.