Fakta om Igesund
Kommune: Herøy
Fylke: Møre og Romsdal
Matrikkelgardar: Igesund (gnr 35)
Folkemengd: 354 (2004)
Postnummer: 6090

Igesund er ein grunnkrins i Herøy kommune på Sunnmøre og er rekna som ein del av Fosnavåg by. Igesund er òg ein matrikkelgard.

Krinsen strekkjer seg frå Fosnavåg slik at Huldalen høyrer til Igesund, vidare forbi Kleivavika og rundt Bergsøy, forbi Leitet, til Vikane. Grensa mellom Igesund og Vikane kan berre kryssast til fots, eit område som tidlegare vart mykje brukt til sauebeite, medan det no er mest utmark. Langs vegen gjennom Igesund er det dyrka mark som hovudsakleg vert brukt til produksjon av dyrefôr. Nerlandsøybrua fører hovudvegen, fylkesveg 20, frå Igesund og over Søre Vaulen til KvalsundNerlandsøya.

Igesund har også gitt namn til Igesundshetta og Igesundsvatnet. Igesundshetta er det høgste punktet på sørsida av Bergsøya med 217 meter, medan Igesundsvatnet er drikkekjelda til dei ytste husa i Igesund. Etter oppdemming er der vanlegvis ikkje noko skilje mellom Igesundsvatnet og Vikavatnet i Herøy på Sunnmøre.

Innanfor grensene til grunnkrinsen finn ein mellom anna Huldal grus (ei av grusbanene til Bergsøy IL), GeVo-anlegget og hovudkontoret til Vestlandsnytt.

Igesund som slektsnamn endre

Det er 129 personar i Noreg som har Igesund som etternamn per mars 2005.

Kjende namneberarar endre