Nervous Shakedown
Nervous Shakedown Singel av AC/DC frå albumet Flick of the Switch | ||
B-side |
«Rock And Roll Ain't Noise Pollution» (live) | |
---|---|---|
Utgjeve | 27. juli 1984 (Storbritannia)[1] | |
Innspelt | April 1983 | |
Studio | Compass Point (Nassau) | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:25 | |
Selskap | ||
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | AC/DC | |
AC/DC-kronologi | ||
«Flick of the Switch» (1983) |
Nervous Shakedown | «Danger» (1985)
|
«Nervous Shakedown» er ein song av AC/DC frå albumet Flick of the Switch, gjeve ut i 1983. Han var skriven av Angus Young, Malcolm Young og Brian Johnson. Songen nådde 35. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i fem veker.[2] Han nådde òg 20. plassen i Irland.[3]
«Nervous Shakedown» vart gjeven ut på ein maxi-singel eller EP i 1984. Songane på denne utgjevinga er: A1. «Nervous Shakedown»; A2. «Rock And Roll Ain't Noise Pollution» (live Detroit '83); B1. «Sin City» (live Detroit '83); B2. «This House Is on Fire» (live Detroit '83).
Det vart laga to videoar for songen. Den første videoen vart filma på same settet og i same formatet som vidoane for «Flick of the Switch» og «Guns For Hire». Det vart òg laga ein annan versjon filma på scenen på Joe Louis Arena i Detroit, under ei øving før ein konsert.
Medverkande
endre- Brian Johnson – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Cliff Williams – bassgitar, korvokal
- Phil Rudd – trommer
Salslister
endreListe (1984) | Plassering |
---|---|
UK Singles (Official Charts Company)[4] | 35 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nervous Shakedown» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «AC/DC».
- ↑ «The Official Charts Company - Nervous Shakedown». The Official Charts Company. 19. desember 2013.
- ↑ «AC/DC at irishcharts.ie». Irish Charts. Henta 18. desember 2013.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 27. juni 2023.