Malcolm Young
australsk gitarist
Malcolm Mitchell Young (6. januar 1953–18. november 2017) var ein skotskfødd australsk gitarist som var best kjend som ein av grunnleggjarane av det australske hardrock-bandet AC/DC. Young har vore både rytmegitarist, korvokalist og låtskrivar for bandet. I 2003 blei Young og dei andre AC/DC-medlemmane innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Malcolm Young | |||
| |||
Fødd | 6. januar 1953 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glasgow | ||
Død | 18. november 2017 (64 år) | ||
Dødsstad | Elizabeth Bay | ||
Fødenamn | Malcolm Mitchell Young | ||
Alias | The Riffmaker | ||
Opphav | Australia | ||
Aktiv | 1969–2014 | ||
Sjanger | hardrock, bluesrock, rock and roll | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist, låtskrivar, musikkprodusent |
Sjølv om veslebroren Angus Young (f. 1955) fekk meir merksemd enn storebroren, har Malcolm Young blitt skildra som forretningsmannen og hjernen bak AC/DC. Som rytmegitarist er det han som har utvikla mange av gitarriffa og utvikla lydbiletet i AC/DC. Han var gift med Linda Young og hadde to born med henne.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Malcolm Young» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2013.